Nordmenn er på plastposetoppen i Europa

kvinne i Oslo bærer to plastposer

Europearar bruker om lag 100 milliardar eingongsbereposar i plast i året, og rundt 4,5 prosent av desse kjem på avvege. Det er derfor ikkje tvil om at posane har store innverknader på miljøet.

Nordmenn er på Europa-toppen med 180 posar per innbyggjar per år, medan Sverige brukar 102, Danmark 80 og Tyskland 24. Norske plastposar er solide og 80 prosent av dei gjenbrukas som avfallsposar.

Fleire butikkar og meir spontanhandling

– Handlevanane våre og andre strukturelle forhold påverkar kor mange plastposar som blir selt, seier SIFO-forskar Live Standal Bøyum, som saman med Marie Hebrok har gjort ein gjennomgang av relevant forsking på oppdrag for Handelens Miljøfond.

– Vi i Noreg har god økonomi og høgast kjøpekraft i Europa, vi bryr oss ikkje om at posen kostar ei krone eller to, seier Bøyum.

– Sett i forhold til Sverige har vi høgare butikktettleik og handlar oftare. Fleire butikkar fører gjerne til meir spontanhandling, til dømes på veg heim frå jobb. Dessutan tilbyr alle butikkar i Noreg plastposar, medan mange butikkar i Tyskland ikkje tilbyr plastposar i det heile tatt, og det er vanleg å bruke avfallsrullar til hushaldsavfall.

Vi i Noreg har god økonomi og høgast kjøpekraft i Europa, vi bryr oss ikkje om at posen kostar ei krone eller to. – Live Standal Bøyum

Lite plastposereduksjon i Noreg

Plastbereposane fekk mykje merksemd i Noreg med EUs «plastposedirektiv» i 2015. Direktivet pålegg landa å redusere plastposebruken til 40 posar per innbyggjar per år innan 2025. Dei ulike landa tok i bruk direktivet på ulike måtar. Dei fleste innførte tiltak der forbrukarane må betale for posane. Effekten har variert mykje frå land til land.

I Noreg har forbruket gått ned med ti prosent etter at Handelens Miljøfond, Noregs måte å oppfylle EU-direktivet på, blei oppretta i 2017. 50 øre av kvar plastpose som blir selt av fondets medlemmar, altså norske daglegvarebutikkar, går til fondet.

Både Danmark og Tyskland har nesten halvert forbruket av plastposar på få år, medan Sverige så vidt er flinkare enn Noreg.

– Ei av årsakene kan vere at tiltaka i Noreg er innførte såpass nyleg, seier Bøyum.

– Danskane har til dømes betalt for posane sidan 1993, og har dermed hatt lengre tid på seg til å endre vanar knytt til bruk av handleposar.

Halvparten av oss seier dei brukar handlenett

Gjennom media har nordmenn blitt kjend med at plastposar slettes ikkje er så ille for miljøet som ein skulle tru. Dei aller fleste blir tross alt resirkulert, og kva skal vi bruke som erstatning?

Likevel ser forskarane at både haldningar og handlingar er i endring.

48 prosent seier at dei tok med seg sitt eige handlenett i matbutikken.

I ei ny SIFO-undersøking seier heile 68 prosent at dei har redusert plastposeforbruket frå året før. Og 48 prosent seier at dei tok med seg sitt eige handlenett i matbutikken.

– Vi ser at det er ei endring i miljøhaldningar, som kanskje på sikt vil gjere at plastposeforbruket går ned, seier Bøyum.

– Sett i samanheng med at plastposeforbruket berre har gått ned ti prosent dei siste to åra, seier sjølvsagt ikkje desse tala at folk no i stor grad har gått over til å bruke handlenett i butikken, men dei kan tyde på at folk oppfattar handlenettet som betre for miljøet satt opp mot plastposen, seier Hebrok.

– Det vi kanskje tenkjer på heilt intuitivt, er at å ta med eiget handlenett eller å bytte til papirposar er det beste, men så enkelt er det dessverre ikkje når ein ser på kor mykje utslepp som kjem frå produksjonsleddet av disse alternativa, seier ho.

Hebrok legg vekt på at dette ikkje berre handlar om klimagassutslepp og ressursforbruk, men også om forsøpling – posar på avvege. Heldigvis reknar ein med at berre 0,25 prosent av norske plastposar havnar i havet.  

Gjenbruk av dei posane du allereie har er det beste du kan gjere som forbrukar. – Marie Hebrok

Tre vegar til berekraftig forbruk

Forbruksforskarane opererer gjerne med tre ulike strategiar for berekraftig forbruk. Også plastposeforbruket kan sjåast gjennom dette filteret.

  1. Produkterstatning: Plastposane blir erstatta av posar i meir berekraftig materiale. Vi lar teknologien gjere jobben, og endrar lite på vanane våre.
  2. Reorganisering: Innføring av nye system som omstrukturerer bruk, til dømes gjenbruk eller pant på poser. Inneber å gjere noko sjølv.
  3. Redusere forbruket generelt: Kjøpe litt mindre. Ha med seg større beremiddel som ryggsekk og trillekoffert. Handle på nett og få levert maten i kassar heller enn posar.

– Gjenbruk av dei posane du allereie har er det beste du kan gjere som forbrukar, seier Hebrok.

Referanse

Live Standal Bøyum og Marie Hebrok: Forbruksreduksjon av plastposer – en litteraturstudie. SIFO-notat nr. 4-2019 (fagarkivet.oslomet.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Symaskin og jeans og trådsneller i bakgrunnen
Forbruk, klima og miljø

Klær og hvitevarer må bli bedre og dyrere

Altfor få av oss får tingene våre reparert, viser en ny SIFO-undersøkelse.

dame som holder seg for nesa foran kjøleskapet
Forbruk, klima og miljø

Lar maten bli til søppel før den kastes

Vi spiser det vi har lyst på og utsetter det ubehagelige med å måtte kaste restene.

Jente som sykler på veien.
Forbruk, klima og miljø

Slik kan Norge halvere klimautslippene innen 2030

SIFO-forsker Torvald Tangeland har flere forslag til hva forbrukerne og politikerne kan gjøre for å endre Norge i en mer klimavennlig retning.

Publisert: 20.11.19
Sist oppdatert: 20.11.19
Tekst: Kjersti Lassen
Foto: Berit Roald/NTB Scanpix