Slik kan norske bruer få langt lågare klimaavtrykk

Bru med stolpar og gangveg under. Solskin og haustgule tre.

Kort oppsummert

Materiala til betongkonstruksjonar gjev store CO₂-utslepp. Forskinga til Laila Farahzadi viser korleis materialinnovasjon og smartare vurdering av tilstanden til betongbruer kan bidra til å redusere utsleppa ved å

  • bruke ultrahøgfast betong (UHPC) med lågare klimaavtrykk
  • erstatte sement og stålfibrar med materiale som gjev mindre miljøbelastning
  • planleggje vedlikehaldet betre med å oppdage skadar i bilete tekne av dronar ved hjelp av KI

Det vert store CO₂-utslepp av materiala som vert brukte til å byggje og vedlikehalde betongkonstruksjonar.

Bruer er blant dei vanlegaste betongkonstruksjonane, og Noreg har om lag 18 000 bruer, mange av dei av betong. Forskar Leila Farahzadi har i doktorgraden sin i ingeniørvitskap ved OsloMet undersøkt korleis utsleppa frå bruer kan reduserast.

Forskinga hennar tek føre seg både materiale med lågare klimaavtrykk, og korleis KI-støtta inspeksjon av bruer kan bidra til meir effektive avgjerder om vedlikehald.

Forskinga viser korleis materialinnovasjon og smartare vurdering av tilstanden kan bidra til å redusere utsleppa gjennom levetida til ei bru ved å

Bruer krev store mengder materiale, særleg betong og stål, og både produksjon, bygging og vedlikehald er energikrevjande.

Fakta: Ultrahøgfast betong (UHPC)

  • Ultrahøgfast betong er vesentleg sterkare og tettare enn vanleg betong. Han er utvikla for å gje svært gode mekaniske eigenskapar og høg haldbarheit i krevjande klima over lang tid.
  • Ultrahøgfast betong får desse eigenskapane gjennom ei svært finkorna blanding, eit lågt forhold mellom vatn og bindemiddel, effektive vassreduserande tilsetjingsstoff og tilsette fibrar som gjev betre duktilitet og kontroll med sprekkdanning.
  • Resultatet er ein svært tett og robust betong med lite vassinntrenging og stor motstand mot kloridinntrenging, fryse–tine-syklusar og slitasje.

Står for store materialrelaterte utslepp

Produksjon av portlandsement og stål står for ein stor del av utsleppa frå byggjesektoren. Portlandsement er den vanlegaste typen sement, laga hovudsakleg av kalkstein og leire som blir brende ved høg temperatur og deretter malne til eit fint pulver.

Hyppige reparasjonar i krevjande klima kan gjere klimaavtrykket endå større, særleg i kalde og salthaldige miljø der konstruksjonane blir utsette for store påkjenningar.

Skal vi få til vesentlege utsleppskutt, må vi sjå nøye på kva materiale vi bruker, kor ofte vedlikehald er nødvendig, og kor presist dette vedlikehaldet blir planlagt.

– Dette kan ha mykje å seie, sidan Noreg har svært mange bruer, seier Leila Farahzadi.

– Urbanisering og vegbygging har auka behovet for bruer, og bygging og vedlikehald av dei bidreg til store CO₂-utslepp. Vi må gjere bruene meir klimavennlege og forlengje levetida deira.

Tre tiltak kan redusere utsleppa

Forskinga til Farahzadi peikar på tre tilnærmingar som kan forsterke kvarandre:
 

Studiane av UHPC-blandingar viste ein reduksjon i potensialet for global oppvarming, GWP, på opptil 40,5 prosent når delar av sementen vart erstatta med alternative bindemiddel, samtidig som dei nødvendige eigenskapane vart haldne ved lag. Då stålfibrar vart erstatta med alternative syntetiske fibrar, vart potensialet for global oppvarming redusert med meir enn 28 prosent i blandingane som vart undersøkte.

Det finst ikkje éin perfekt ultrahøgfast betong. For å finne den rette blandinga, må ein teste og tilpasse henne til tilgjengelege og lokale materiale, krav til eigenskapar og miljøomsyn. Transport av råvarer har òg ein miljøkostnad, og meir bruk av lokale materiale kan derfor redusere miljøbelastninga.

– Det er rom for innovasjonar som kombinerer miljømessig berekraft med gode mekaniske eigenskapar, seier Farahzadi.

Lengre levetid kan redusere miljøbelastninga

Haldbare UHPC-overlegg kan redusere miljøbelastninga gjennom levetida til ei bru, fordi behovet for gjentekne reparasjonar og utskiftingar vert mindre. Eit overlegg er eit tynt topplag som vert lagt på brudekket for å fornye og verne overflata.

I ein scenarioanalyse over 100 år, hadde lågkarbon overlegg av ultrahøgfast betong lågare potensiale for global oppvarming enn overlegg av konvensjonell betong. Det illustrerer korleis lengre levetid og færre inngrep kan vege opp for eit høgare miljøavtrykk i utgangspunktet.

– Skal vi redusere utsleppa, må vi sjå på heile levetida til brua og ta avgjerder som omfattar heile bruksperioden. Dette er også viktig for kostnadene.

– Vi fann at klimaavtrykket ikkje berre er avhengig av materiala som vert brukte i starten, men også av kor mykje vedlikehald som trengst over til dømes 100 år.

– Ultrahøgfast betong kan også brukast til reparasjon og rehabilitering av eksisterande bruer, sjølv om materialet førebels er lite brukt i Noreg, seier Farahzadi.

KI kan bidra til smartare vedlikehald av bruer

Eit KI-rammeverk for biletbasert oppdaging av skadar, mellom anna ved hjelp av bilete tekne med dronar, kan bidra til meir proaktive og datadrivne avgjerder om vedlikehald og betre ressursbruk.

Typiske skadar som kan oppdagast, er synlege sprekkar, avskaling og teikn på korrosjon.

Doktorgraden understrekar samtidig at det er behov for feltstudiar og utprøving under verkelege forhold før KI-baserte metodar for inspeksjon av bruer kan takast i bruk i større skala.

Portrett av Leila Farahzadi

Leila Farahzadi har forska på meir klimavennlege materiale og smartare vedlikehald av bruer. Foto: Olav-Johan Øye

Vegen vidare

Standardar og retningslinjer for ultrahøgfast betong er framleis under utvikling i mange land, og kor pålitelege miljøvurderingane er, er avhengig av metodane, føresetnadene og datagrunnlaget som vert brukt. For KI-løysingane er neste steg praktisk utprøving i felt før dei kan takast i bruk i større skala.

– Vi bør definitivt bruke meir berekraftige materiale og tenkje grundigare gjennom den forventa levetida til brua, seier Farahzadi.

Referanse

Leila Farahzadi: Sustainable Innovations for CO2 Emissions Reduction in Construction. OsloMet Avhandling 2026, nr. 43.

Fakta: Slik blei forskinga gjennomført

  • Forskarane utvikla og testa nye ultrahøgfast betong-blandingar i laboratoriet og vurderte miljøpåverknaden ved hjelp av livsløpsanalysar, med særleg merksemd på produksjonsfasen og potensialet for global oppvarming.
  • Ved å bruke til dømes avfallsglaspulver eller enkelte typar syntetiske fibrar frå avfall bidrog dei også til sirkulær bruk av sekundære materiale og meir effektiv ressursbruk.
  • Forskarane utvikla også eit KI-støtta, biletbasert rammeverk for å identifisere og kvantifisere skadar automatisk.
  • Til slutt samanlikna forskarane korleis ulike overlegg på brudekke fungerer over ein periode på 100 år. Dei vurderte berekraft og levetid for å finne ut kva løysing som gjev den lågaste miljøbelastninga på lang sikt.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Bein av havarert platform flyt på sjøen.
Korleis hindrar vi at konstruksjonar bryt saman?

Kvifor oppstår det sprekkar i bruer, skip og plattformer etter lang tids bruk?

Bil kjører over hengebro. Elv eller innsjø under broen, og åser med tre i bakgrunnen. Det er solskinn.
Bil med sensorer kan avsløre skader på broer

Ny teknologi kan overvåke broer bare ved å kjøre over dem. Med videreutvikling av denne teknologien, kan dette bli et gjennombrudd for å hindre brokollaps i Norge.

Bygging av det nye nasjonalmuseet med betongkonstruksjoner. Byggekran i midten og den gamle Vestbanebygningen til venstre. blå himmel i bakgrunnen.
Mer miljøvennlig betong gir store utslippskutt

Sementproduksjon er en av de største kildene til CO2-utslipp. Å erstatte sement med mer miljøvennlige byggematerialer kan derfor gi en stor miljøgevinst.

Publisert: 21.09.2026
Sist oppdatert: 21.09.2026
Tekst: Olav-Johan Øye
Foto: Knut Opeide/Samfoto og Olav-Johan Øye