I dette ph.d.-prosjektet skal vi tilpasse, teste og gjere klare PicPecc for bruk i norsk helseteneste.
Appen skal brukast til systematisk oppfølging av symptom hos barn, og vi skal sjå på korleis barn, foreldre og helsepersonell opplever det å bruke appen.
PicPecc-appen skal omsettast frå svensk til norsk, og språk, bilde og eksempel skal tilpassast norske forhold.
Målet er ein versjon som kjennest naturleg for barn og familiar i Noreg. Deretter følgjer utprøving i klinikk for å vurdere brukarvennlegheit og om barn, foreldre og tilsette opplever appen som nyttig og enkel.
Prosjektdeltakarar
Meir om prosjektet
Barn på sjukehus opplever ofte smerte, kvalme og uro, og det kan vere vanskeleg å vurdere korleis barnet eigentleg har det fordi barn kan ha vanskar med å formidle symptoma sine ved hjelp av tradisjonelle metodar. Dette kan føre til forseinka behandling av symptom, noko som går ut over både kvaliteten på omsorga barnet får og det generelle velværet til barnet.
Pictorial Support in Person-Centered Care for Children, PicPecc-appen, er ei barnevennleg, interaktiv løysing for systematisk symptomkartlegging hos barn i alderen 5–17 år.
PicPecc gjer det mogleg for barn å rapportere symptom som smerte og angst gjennom engasjerande og lett tilgjengelege funksjonar, noko som styrker symptomoppfølginga og barna sin medverknad i eiga behandling.
Prosjektet blir gjort i samarbeid med professor i sjukepleie Stefan Nilsson ved Universitet i Gøteborgs som har utvikla og evaluert PicPecc gjennom mange år, og Anja Hetland Smeland, sjukepleiar og forskingsgruppeleiar på Ullevål universitetssjkehus, der appen skal testast.
For å sikre vellykka bruk av appen i Noreg, må han omsettast, kulturelt tilpassast og blir evaluert for relevans i helsevesenet. Vi skal omsette og tilpasse PicPecc for bruk i Noreg, vurdere dens praktiske bruk i verkelege kliniske settingar, og utvikle eit klinisk pasientforløp som rettleier integreringa i det norske helsevesenet.
Ved å tilpasse dette verktøyet framfor å utvikle nye, aukar prosjektet berekrafta og kunnskapen om korleis eksisterande verktøy kan tilpassast til beste for dei unge pasientane våre, og forbetrar symptomhandteringa og den overordna kvaliteten på omsorga for innlagde barn i Noreg.