English version

Barn i einetiltak og rustiltak i barnevernet

Studien skal undersøke korleis einetiltak og rustiltak fungerer for ungdom, kva tilbod som blir gitt i tiltaka, om tiltaka er forsvarlege, og om rettstryggleiken til dei unge blir varetatt

Einetiltak inneber at barn/ungdom blir plassert aleine saman med ein eller fleire miljøarbeidarar i eigen bustad for ein gitt periode. Dei som blir plasserte i einetiltak, er under omsorg frå barnevernet og blir rekna for å ha så store og komplekse behov at det ikkje er tilrådeleg at dei bur saman med andre barn/unge på institusjon.

Per i dag har vi avgrensa kunnskap om kva for barn og unge som blir plasserte i einetiltak, kven tiltaket er eigna for, korleis tiltaka er organisert, kva tilbod dei unge får, og om rettstryggleiken deira er tilstrekkeleg varetatt. Målet til studien er å skaffe slik kunnskap. Studien skal også undersøke korleis rustiltak for ungdom med rusproblem fungerer. Prosjektet skal blant anna belyse om dagens praksis er forsvarleg og i tråd med gjeldande regelverk, og vurdere om tiltaket gir ønska resultat. 

Forskarane brukar fleire metodar for å svare på spørsmåla: 

  1. surveyundersøkelser til leiarar og tilsette ved institusjonar, og til bebuarar i høvesvis einetiltak og rustiltak
  2. feltbesøk og intervju på 20 einetiltak og 6 rustiltak. Vi skal intervjue leiarar, tilsette, bebuarar og eit utval føresette
  3. intervju med samarbeidspartnarar (barnevern, Bufetat, legar, lærarar og andre som er involverte i oppfølginga av dei unge under institusjonsopphaldet)
  4. dokumentanalyse
  5. foreliggande statistikk over tvangsvedtak 

Studien er relevant for dei myndigheitene som utarbeider regelverk og som skal sjå til at barns rettstryggleik blir varetatt i samsvar med lover og forskrifter. Fordi det ligg lite kunnskap føre om desse tiltaka og korleis dei fungerer, er studien også av ei breiare allmenn interesse.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

 

Samarbeidspartnarar

  • Arbeidsforskingsinstituttet AFI, OsloMet
  • Institutt for sosialfag, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet
  • Høgskulen i Østfold

Publikasjoner

Aktuelt frå prosjektet

Ungdom ruller sigarett
Kan ungdom komme seg ut av alvorlige rusproblemer hvis behandlingen er frivillig?

Ansatte på rusinstitusjoner for ungdom er pålagt å bruke mindre tvang, og ungdom skal få ta flere frivillige valg i behandlingen. Det kan gjøre det vanskeligere for mange å bli rusfrie.