Korleis handterer barnevernet vald og overgrep?
Vald og overgrep utgjer ein stor og aukande del av sakstilgangen til barneverntenesta, samtidig er det avgrensa kunnskap om korleis barnevernet handterer denne typen saker. Dette prosjektet skal bidra til å utfylle dette kunnskapsholet.
Studien er avgrensa til vald i nære relasjonar og har som hovudformål å skaffe kunnskap om korleis barneverntenesta handterer saker om vald og overgrep, og korleis barn og foreldre (eller andre følgjepersonar) opplever arbeidet til barnevernet.
Vi vil belyse kva valdsforståingar som ligg til grunn for arbeidet til barneverntenesta, belyse avgjerds- og tiltaksarbeid og korleis barn og foreldre opplever arbeidet og tiltaka til tenesta. I tillegg belyser studien dei interne og eksterne rammevilkåra for arbeidet til barneverntenesta, og korleis barnevernet samarbeider med andre tenester.
Fire delstudiar
Forskingsdesignet er sekvensielt og omfattar ulike typar data organiserte i fire delstudiar:
- Litteraturstudium
- Brukarstudie (intervju barn og foreldre)
- Casestudie (intervju med 10 barneverntenester)
- Ein nasjonal survey til barneverntenestene
I tillegg er det gjennomført intervju med 20 barneverntenester om handteringa deira av koronapandemien.
Resultata vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for den vidare utviklinga av politikk og praksis i barnevernet sitt arbeid med vald i nære relasjonar og gi verdifull innsikt i krisehandtering.
Prosjektdeltakarar
Samarbeidspartnarar
- Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS)
- Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU)
Publikasjonar
Bredal, A. et al. (2023). Barnevernstjenestens arbeid med vold og overgrep. NOVA Rapport 16/23 (nva.sikt.no)
Tveito, S.B. (2021). Barnevern i krisetid. Barneverntjenestens arbeid med vold og overgrep under koronapandemiens første fase. NOVA Notat 1/21 (nva.sikt.no)
Kojan, B.H.; Nilsen, M.; Storhaug, A.S.; Agerup, T.; Clifford, G. og Lichtwarck, W. (2020). Barnevernets arbeid med barn og unge som har erfart vold og overgrep i nære relasjoner – en litteraturstudie. Rapportserie for sosialt arbeid, rapport nr. 3, NTNU (ntnu.no) (pdf)