English version

Behandling med kjemoterapi for kreft og innverknad på høyrsel, lukt og kognisjon (CanHear)

I dette ph.d.-prosjektet undersøkjer vi korleis to ulike typar kjemoterapi kan påverke sansar som lukt og høyrsel, og dessutan kognitive funksjonar hos personar som blir behandla for kreft.

Høyrsels- og luktforstyrringar er underkjende biverknader av kreftbehandling som kjemoterapiforma cisplatin.

Høyrselstap kan føre til auka kognitiv belastning, kognitiv svikt og sosial tilbaketrekking, medan nedsett luktesans kan svekkje ernæring og velvære, og er knytt til nevrodegenerative sjukdommar.

Likevel får slike sansetap ofte lite merksemd i oppfølginga av pasientar. Dette prosjektet undersøkjer i kva grad svekt høyrsel og redusert luktesans påverkar kognitiv funksjon før kjemoterapibehandling og eit år etter kreftbehandlinga.

Både subjektive opplevingar og objektive målingar blir nytta for å forstå konsekvensane for kvardagsliv, helse og livskvalitet, og dessutan utforske moglege tiltak for tidleg oppdaging og støtte.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...