Prosjektet undersøker kva forhold som hemmar og fremmar helsefagarbeidarars kompetanseutvikling og ønske om å bli verande i jobben.
På grunn av ein auke i antal eldre i samfunnet, og samtidig færre personar i arbeidsfør alder, kan vi få ei bemanningskrise i norsk eldreomsorg. Mens myndigheitene satsar på betre utnytting av helsefagarbeidarars kompetanse, blir denne strategien utfordra av eit stort fråfall i sektoren.
I dette prosjektet bruker vi data frå ei landsomfattande undersøking blant tilsette i eldreomsorga (NORDCARE) for å få innsikt i kva vilkår som er avgjerande for ei berekraftig bemanning. Basert på 1796 svar frå personar som jobbar med eldre undersøker vi alt frå tilsettings-, arbeids- og læringsvilkår til forhold som har å gjere med anerkjenning og meining i arbeidet.
Prosjektet undersøker også korleis dei tilsette opplever kvardagen i sektoren og korleis ei aukande gruppe minoritetsspråklege arbeidstakarar påverkar henne.
Målet med prosjektet er å:
- analysere og publisere data frå undersøkinga
- styrke samarbeidet med dei andre nordiske NORDCARE teama
- samle OsloMet-forskarar med interesse for arbeidslivsrelatert omsorgstenesteforsking for å diskutere korleis data frå NORDCARE kan utnyttast i framtidige nasjonale og internasjonale forskingssøknader.
Prosjektet inngår i NORDCARE med landsdekkande surveyundersøkelser gjennomført i 2005, 2015 og 2025 i: Danmark, Finland, Noreg og Sverige. Datamaterialet gir derfor ikkje berre eit representativt bilde av perspektiva til helsefagarbeidarane på eige arbeid i dag. Det kan også synleggjere utviklingstrekk over tid og gi innsikt i likskapar og forskjellar mellom land som ofte blir betrakta som samanliknbare.
Prosjektet er finansiert gjennom OsloMets forskingssatsing Inkludering av fleire barn og unge.
Deltakarar
Samarbeidspartnarar
- Professor Tine Rostgaard, Roskilde University, Denmark
- Professor Teppo Kröger, University of Yväskylä, Finland
- Professor emeritus Marta Szebehely, Stockholms University, Sweden
- Dr. Rebecka Strandell, Stockholms University, Sweden