English version

Betre etterleving av antibiotikabehandling gjennom kunnskapsbaserte oppsummeringsvisittar til apotekfarmasøytar

Formålet i ph.d.-prosjektet vårt er å kartleggje om kunnskapsbaserte oppdateringsvisittar eignar seg som intervensjonsmetode for apotekfarmasøytar innan emna antibiotikabehandling og resistens.

Intervju med farmasøytar, fastlegar og pasientar dannar grunnlaget for ein kunnskapsoppdateringsintervensjon mot apotekfarmasøytar for å auke kunnskapen deira om korleis dei kan sikre betre etterleving av antibiotikum.

Antibiotikaresistens er ein av dei største helsetruslane verda står overfor i dag. Høgare kunnskapsnivå og rett bruk av antibiotikum er essensielt for å løyse dette.

Kunnskapsbaserte oppdateringsvisittar (KUPP) mot fastlegar har vist seg å ha positive effektar på legars kunnskapsnivå innan spesifikke emne.

Formålet med dette prosjektet er å kartleggje om KUPP eignar seg som intervensjonsmetode for apotekfarmasøytar innan emna antibiotikabehandling og resistens.

Fokusgruppeintervju med legar, farmasøytar og pasientar viser kva som er viktig for pasientar for å ha ei god etterleving av antibiotikabehandling, og dannar grunnlag for kvalitetssikra materiale til KUPP-intervensjonen.

  • Deltakarar

    Laster inn ...