English version

Design av ei innovativ spelbasert løysing for behandling av skoliose hos barn og unge

Dette ph.d.-prosjektet ser på behov og frustrasjonar hos pasientar med idiopatisk skoliose som oppstår i ungdomsåra og som kan forbetrast med digital teknologi.

Me undersøkjer behova til pasientane og deira pårørande og søkjer å forstå korleis det norske helsevesenet kan forbetrast gjennom implementering av ei digital løysing, som til dømes ein app for smarttelefonar.

Det overordna målet for prosjektet er å samarbeida om utvikling, testing og validering av ein personleg tilpassa, mobil løysing for fysioterapi og behandling av skoliose hos barn og ungdom.

Dette er ei teneste som tidlegare ikkje har vorte utforska eller tilbode i Noreg.

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...
  • Samarbeidspartnarar