Prosjektet har som mål å utvikle innovative praksisar, metodar og reiskapar som skal fremme ’digital myndiggjering’ i skole og lærarutdanning.
Når du er "digitalt myndig" har du god forståing av teknologiar og algoritmar, du kan utøve kritisk tenking og dømmekraft, og du veit korleis du kan bruke digitale teknologiar på ein inkluderande måte.
EMPOWERED bruker brukarmedverkande design som metode der forskarar, lærarar og elevar jobbar i tett samarbeid.
"Digital myndiggjering" er å utvikle nødvendige kunnskapar og kompetansar som elevar og lærarstudentar treng for å navigere ansvarleg i eit stadig meir omskifteleg digitalt landskap. Det er ein viktig del i digitalt og demokratisk medborgarskap.
Det betyr også at elevane og lærarstudentane utviklar
- ei forståing av og bevisstheit for mekanismane bak algoritmar
- evne til å kunne vurdere informasjon kritisk, og ta informerte val
- evne til å utøve digital dømmekraft, respektere og inkludere andre og delta i og bidra til eit demokratisk samfunn.
EMPOWERED blir leidd av OsloMet. Samarbeidspartnarar i prosjektet er Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Helsingfors, Københavns Professionshøjskole, lærarar frå Tenk (avdelinga for utdanning og mediekunnskap i faktasjekkorganisasjonen "faktisk.no"), lærarar frå Nordre Follo, lærarar i Danmark og lærarar i Finland.