English version

Forsking om etnisk diskriminering av barn og unge

Prosjektet omfattar ein gjennomgang og analyse av relevante forskingsbidrag som omhandlar etnisk diskriminering mot barn og unge i Noreg.

Kunnskapsstatusen vil samanfatte relevant forsking frå norske forhold dei siste 20 år og utgjere:

  1. Ein gjennomgang av kvart enkelt forskingsbidrag med eit samandrag av resultata. Samandraget skal innehalde ein presentasjon av den diskriminerande praksisen som blir omtalt, alderen på målgruppa, kjønn, diskrimineringsgrunn(er), kven som har opptredd diskriminerande og eventuelle tilrådingar og tiltak.
  2. Ein samla vurdering og analyse av kva forskingsbidrag som finst på feltet. Analysen skal innehalde ei drøfting av den forskinga som finst på feltet, og gi ei samla vurdering av kva denne har komme fram til når det gjeld diskriminerande praksisar, alder, kjønn, diskrimineringsgrunn(er), kven som har opptredd diskriminerande og eventuelle tiltak.
  3. Tilrådingar om område der det, gjennom arbeidet under punkt 1 og 2, kjem fram at det er behov for meir forsking. Samanfatninga vil byggje på litteratursøk og kontakt med forskarar og offentleg tilsette med ansvar for forsking på fagfeltet.
  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...

     

  • Publikasjonar

    Seeberg, M.L. (2011). Kunnskapsstatus (1990-2010). Forskning om etnisk diskriminering av barn og unge. NOVA Rapport 8/11