I dette samarbeidsprosjektet mellom NIFU, OsloMet og Fafo gjennomfører prosjektet ei forskingsbasert evaluering av fagfornyinga yrkesfag, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
Fagfornyinga er ei stor og overgripande reform for å innføre nye læreplanar i heile grunnopplæringa.
Fagfornyinga yrkesfag er ein eigen del av denne meir overgripande reforma. Den omfattar innføring av nye læreplanar, men også at utdanningsprogramma og strukturane på vidaregåande skole er endra og at nye program og fag er innført.
Evalueringa vi gjennomfører i dette prosjektet undersøker korleis reforma er implementert og gjennomført. Dette inkluderer kartlegging av praksisen til lærarane og instruktørane og elevars og lærlingars oppfatning av reforma.
I tillegg gjennomfører vi ein analyse av gjennomføringa av vidaregåande opplæring og overgangen til arbeidslivet.
Prosjektet er finansiert av Utdanningsdirektoratet, og blir leidd av NIFU, som også har ei eiga prosjektside (nifu.no). Der finn du også publikasjonsliste frå prosjektet.