«Robust ungdom» er eit utviklingsprosjekt som er utforma med sikte på å fungere helsefremjande og førebyggande. NOVA har fått i oppdrag å evaluere prosjektet.
Prosjektet er lagt opp som eit tredelt undervisningsprogram, retta mot alle trinn i ungdomsskulen. Målet er å tilføre både elevar og lærarar verktøy som fremmar god psykisk helse, og derigjennom skal prosjektet legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø.
I årsplanane for prosjektet er det sett fram definerte mål både for elevane og for lærarane, der emne som problemløysing, positiv psykologi, stressmeistring, kommunikasjon, framtidsorientering og relasjonelle ferdigheiter er blant emna som inngår.
Forskingsspørsmål
- Korleis opplever og erfarer elevane tiltaket?
- Kva erfaringar har skolane og lærarar med tiltaket?
- I kva grad bidrar Robust Ungdom til ei kollegial utvikling ved å styrke kompetansen til lærarane?
Data, metode og relevans
Undersøkinga blir gjennomført med innhenting av nye kvalitative data, og dessutan innhenting av kvantitative data med bruk av Nettskjema og analyse av Ungdata. Dei kvalitative dataa vil bli gjennomførte med bruk av fokusgruppeintervju med elevar og lærarar.
Prosjektet er relevant for å analysere korleis elevar opplever eit tiltak for å styrke livsmeistringa deira. I ein større samanheng inngår prosjektet i ei forståing av den overordna delen av læreplanen, der folkehelse og livsmeistring er eit av fleire emne.
Prosjektdeltakarar
Publikasjonar
Moberg, K.; Rogstad, J. & Sletten, M. A. (2023). Liv, lek og lære. Erfaringer med undervisningsprogrammet Robust Ungdom. NOVA Rapport 1/23 (oda.oslomet.no)