English version

Fattigdom og vald mot barn og unge i familien: eksisterande kunnskap om kor utsett barn er for vald sett i lys av økonomien til familien

Prosjektet undersøker kva forskinga seier om samanhengar mellom økonomien til familien og kor utsette barn og unge er for vald i familien.

Målet er å styrke kunnskapsgrunnlaget om korleis låginntekt og økonomiske belastningar kan påverke foreldreskap, familiesituasjon og risiko for vald mot barn, og dermed bidra til betre førebygging og meir treffsikre tiltak.

Prosjektet ser etter eventuelle direkte samanhengar mellom låginntekt og vald, men undersøker i hovudsak korleis dårleg økonomi på komplekse måtar samverkar med andre risikofaktorar, som stress, psykisk helse, levekår og innvandrarbakgrunn.

Den valde metoden er ein kvalitativ syntese av eksisterande forsking. Utvalet av studiar tar utgangspunkt i sentrale publikasjonar på feltet og blir utvida gjennom målretta litteratursøk, referansehausting og samtalar med andre forskarar. Analysen er fortolkande og samanliknande, der kvar publikasjon blir lesen både for seg og i lys av dei andre studiane. Tilnærminga gjer det mogleg å identifisere både dominerande forståingar, spenningar i forskingsfeltet og område der kunnskapen er mangelfull.

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Redd Barna.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...