English version

Korleis forbetra personsentrert behandling av ryggplager?

Målet med prosjektet er å betra forstå korleis pasientar med rygglidingar, fastlegar, fysioterapeutar og involverte sjukehuslegar tek avgjerder om behandling.

Kunnskapen vil bli brukt til å utvikla eit avgjerdsstøtteverktøy basert på kunstig intelligens.

Dette er ein studie av avgjerdsprosessar med mange aktørar, og prosjektet vil utdjupa forståinga vår av den psykososiale helsekonteksten for avgjerdstaking der kliniske avgjerdsverktøy skal brukast.

Rygglidingar er ei av dei viktigaste årsakene til ikkje-dødeleg helsetap.

Persontilpassa behandling er eit nytt paradigme for helsetenester der intervensjonar er baserte på individuelle pasientvurderingar snarare enn ein "one size fits all"-tilnærming.

I dette nye paradigmet får avgjerdsprosessen om behandlingsalternativ stor betydning.

Avgjerdsstøtteverktøy er ein innovasjon på frammarsj, og denne studien vil vera ein del av ei større klyngje av prosjekt som utviklar avgjerdshjelpeverktøy for behandling av rygglidingar.

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...
  • Meir om prosjektet

    Me vil nytta kvalitative intervju. Pasientane vil bli spurde om erfaringane sine med den kliniske og sosiale konteksten i avgjerdsprosessen.

    Fastlegar og fysioterapeutar vil bli spurde om korleis dei samlar inn informasjon for å ta avgjerder om behandling og tilvisingar.

    Sjukehuslegar vil bli spurde om korleis dei nyttar kliniske retningslinjer, tverrfaglege møte og pasientpreferansar i avgjerdstakinga deira.

    Formidling av resultat

    Resultata vil bli presenterte i tre artiklar:

    • Ein analyse av korleis evidens blir brukt i avgjerdsprosessen ved behandling av rygglidingar.
    • Ein analyse av korleis psykososiale, institusjonelle, kulturelle og andre kontekstuelle faktorar får noko å seia i avgjerdsprosessen.
    • Ein analyse av korleis dei ulike involverte aktørane samhandlar med og oppfattar kvarandre i avgjerdsprosessen.

    I tillegg vil førebelse resultat bli implementerte i utviklinga av eit avgjerdsverktøy for pasientar og behandlarar.