Prosjektet undersøker kva betydning emosjonar har for lærarars, lærarstudentars og skoleleiarars avgjerder i uventa situasjonar i skolekvardagen.
Gjennom ein ny metode for kroppsleg kognitiv bevisstheit skal prosjektet utvikle verktøy for å forstå og handtere emosjonelle erfaringar. Dette kan bidra til å redusere emosjonelt stress blant lærarar og skoleleiarar, og til at fleire nyutdanna lærarar blir verande i yrket.
Ved å undersøke desse emosjonelle erfaringane søker prosjektet å belyse og vidareutvikle lærarars, lærarstudentars og skoleleiarars praktiske kunnskap. Prosjektet skal også styrke den pedagogiske beredskapen for uventa situasjonar gjennom utvikling av teoretiske omgrep, didaktiske metodar, rettleiingsprinsipp og forskingsmetodikk.
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt som vert leia av Universitetet i Søraust-Noreg . Det har finansiering frå Noregs forskingsråd sitt program Velferd og utdanning.
Les meir om prosjektet (usn.no)
Medlemmer
Partnarar
- Larvik kommune
- Lillestrøm kommune
- Aalborg universitet
- Alanus universitet
- Nasjonalt nettverk for veiledning av nyutdanna lærere