English version

Forhandling av tilhøyrsel og identitet i nordiske skolar: ein etnografisk casestudie i racialisering

Ph.d.-prosjektet tar utgangspunkt i omgrepet rasialisering, og undersøker korleis rasialiserte elevar og familiane deira i nordiske skolar opplever og forhandlar om tilhøyrsel og identitet i rammene til skoleverket.

Rasialisering beskriv prosessar der personar blir tillagde ei form for etnisk gruppetilhøyrsel og redusert til denne utan at dei sjølv har identifisert seg med den (kjelde SNL.no).

Studien min undersøker korleis rasialiserte elevar og familiane deira i nordiske skolar opplever og forhandlar om tilhøringhet og identitet innanfor utdanningsmessige rammer.

Arbeidet analyserer kritisk betydninga av institusjonelle strukturar, multikulturelle praksisar og posisjoneringa til forskaren i utforminga av desse opplevingane.

Gjennom etnografisk feltarbeid, fotointervju og autoetnografisk refleksjon bidrar undersøkinga til forståinga av korleis rasialisering og kvitheit fungerer i skolekvardagen, og korleis elevar og forskarar navigerer i desse dynamikkane.

Shpresa Basha sine publikasjonar (nva.sikt.no)

Rettleiarar

Laster inn ...

Meir om prosjektet

Formålet med studiet er å synleggjere og styrke rasialiserte elevars stemmer i alderen 10–12 år ved at nyansere og skape innsikt i kvardagsopplevingane og erfaringane deira med (non)-belonging og othering – både i og utanfor klasserommet og skolen.

Med ein metodologisk inngang som kombinerer kritisk etnografi, mini-etnografisk casestudie, foto-eliciteringsintervjuer og autoetnografi, belyser studiet kløfta mellom politiske inklusjonsrammer og barns levde erfaringar.

Ved å framheve stemmene til elevane bidrar studiet til diskusjonar om utdanningsrettferd, mangfald og likskap i lærarutdanning og barndomsstudiar.

Overordna forskingsspørsmål

Korleis opplever og forhandlar rasialiserte elevar og familiane deira tilhøringhet og identitet i nordiske skolar, og korleis påverkar utdanningspraksisar og posisjoneringa til forskaren desse opplevingane?

Bidrag til feltet

Undersøkinga tilfører ny kunnskap til nordisk utdanningsforsking ved å framheve rasialiserte elevars perspektiv og kritisk belyse kløfta mellom politiske inklusjonsrammer og barns levde erfaringar. Ved at plassere forteljingane til elevane i sentrum skaper studiet grunnlag for refleksjon og diskusjon om utdanningsrettferd, mangfald og likskap – særleg i relasjon til lærarutdanning og barndomsstudiar.