English version

Hyppige innringjarar til medisinsk nødtelefon

Formålet til dette ph.d.-prosjektet er å auka kunnskapen om såkalla «hyppige innringjarar» til akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK).

Prosjektet består av ein kvantitativ studie som samlar grunnlagsdata, og kvalitative studiar basert på individuelle intervju med hyppige innringjarar og fokusgruppe-intervju med operatørar frå AMK og legevaktsentral (LVS).

Ifølgje National Health Service i England er ein hyppig innringjar ein pasient som ringjer fem eller fleire gonger per månad eller tolv eller fleire gonger i løpet av tre månader.

Prosjektet er eit doktorgradsprosjekt, der me

Prosjektleiar er hovudrettleiar.

  • Deltakarar

    Laster inn ...
  • Meir om prosjektet

    Studie 1: Deskriptiv «baseline»-studie

    I  denne deskriptive «baseline»-studien ved AMK Oslo, har me funne fleire tusen enkeltpersonar som møter kriteriet for hyppige innringjarar. Desse har til saman over 300.000 kontaktar/hendingar over ein periode på seks år.

    Studie 2: Individuelle intervju med hyppige innringjarar

    I studien intervjuar me hyppige innringjarar om formålet deira med kontaktane og korleis dei opplever å bli møtte og varetekne av AMK.

    Internasjonalt finst berre ein kvalitativ intervjustudie med hyppige innringjarar til AMK (Mahmuda, 2020).

    Internasjonale kvantitative studiar og klinisk erfaring viser at hyppige innringjarar er sårbare og marginaliserte grupper. Me veit at desse fort kan bli underprioriterte i forsking og at kvaliteten på helsehjelpa dermed kan ringast.

    Studie 3: Fokusgruppe-intervju med telefonoperatørar

    I studien intervjuar me operatørar frå AMK og legevaktsentral om korleis dei opplever at dei møter og varetek denne gruppa.

    Studie 4 (masterstudie): Dødsårsaksregisteret (DÅR)

    Det er sett ei auka dødelegheit i internasjonal litteratur blant gruppa hyppige innringjarar.

    Ved å samanlikna data frå den deskriptive studien med folkeregisteret og med DÅR (der det er relevant), ønskjer me å undersøkja dødelegheita i gruppa og samanlikna dette med offisielle tal for heile populasjonen.

    Me ønskjer tilgang til informasjon om dødsårsak, for å evaluera om det samsvarer med kva som hyppig har vore oppgitt som «hovudproblem» i kontakt med AMK.

    Studie 5 (masterstudie): Evaluering av hyppige kontaktar knytt til barn

    I den deskriptive studien avdekte me at nokre hundre barn (personar under 18 år) møtte kriteriet for hyppig innringjarar, med til saman nesten 5000 hendingar.

    Desse har nok i hovudsak ikkje kontakta AMK sjølv, men pårørande, helsepersonell eller andre har gjort det på deira vegner.

    Det er ønskjeleg å gjera ein «journalgjennomgang» av AMK-oppdragsteksten for å evaluera eventuelle gjennomgåande tema og om det er mogleg å identifisera eventuelle forbetringspunkt.

    Innsyn, retting eller sletting av opplysningar

    Ønskjer du å fremja krav om innsyn, retting eller sletting av opplysningar relatert til prosjektet?

    Ta kontakt med stipendiat Astrid Karina Harring eller prosjektleiar Trine Møgster Jørgensen.

  • Samarbeidspartnarar

    • Oslo legevaktsentral
    • AMK Oslo