English version

Ivaretakelse av barn med funksjonsnedsettelser

Prosjektet undersøkjer om barn med funksjonsnedsetjingar får vareteke dei grunnleggjande rettane sine i møte med helse- og omsorgstenesta.

Barnerettskonvensjonen har vore i kraft i over 30 år, og gjeld som norsk lov frå 2003. Konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) vart ratifisert av Noreg i 2013.

CRPD inneber at barn med funksjonsnedsetjingar skal sikrast alle menneskerettar og grunnleggjande fridommar på lik linje med andre barn. Barnets beste skal vere det grunnleggjande omsynet, og barn skal ha høvet til å ha ei stemme i alle avgjerder som berører dei, i samsvar med alderen og modnaden til barna. Barn med funksjonsnedsetjingar har krav på hjelp for å kunne utøve denne retten (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 2013).

I prosjektet spør vi: Får barn med funksjonsnedsetjingar vareteke dei grunnleggjande rettane sine i møte med helse- og omsorgstenesta?

Vi intervjuar fagfolk i helse- og omsorgstenesta og gjennomfører ei spørjeundersøking blant føresette til barn med funksjonsnedsetjingar for å klargjere problemstillinga. I tillegg gjennomfører vi eit fokusgruppeintervju med unge med funksjonsnedsetjingar.

Ei viktig målsetjing er å skaffe kunnskap som gir oppdragsgivar eit grunnlag for å vurdere om det er nødvendig med tiltak retta mot helse- og omsorgstenesta for å styrkje varetakinga av alle barns rettar.

Aktuelt fra prosjektet

6-årig lyshåret gutt sitter og ser på et nettbrett og har hånd med pekefinger opp i været.
Manglende kursing gir barn med funksjonsnedsettelse dårligere tilbud

Kommunens fagpersoner får ikke kursing i barnekonvensjonen – barn med funksjonsnedsettelse kan dermed gå glipp av rettigheter de har krav på, viser fersk rapport.