English version

Lærarutdanningsskolar i yrkesfaglærarutdanninga (LUSY)

Prosjektet utvikler lærarutdanningsskolar i yrkesfaglærarutdanninga. Målet er å utvikle eit forpliktande og varig samarbeid mellom skolane og YLU om ei best mogleg yrkesfaglærarutdanning og yrkesutdanning.

I strateginotatet «Lærarutdanning 2025» legg regjeringa opp til ei brei satsing på etablering av lærarutdanningsskolar. Formålet er å sikre høg kvalitet i praksisopplæringa og styrke forskings- og utviklingssamarbeid mellom skolar og universitet og høgskolar med ansvar for lærarutdanning.  

Institutt for yrkesfaglærarutdanning (YLU) ved OsloMet, avdeling for vidaregåande utdanning i Akershus fylkeskommune, utdanningsetaten i Oslo og to vidaregåande skolar, Strømmen og Kuben, har inngått eit samarbeid i dette innovasjonsprosjektet med støtte frå Forskingsrådet.

Prosjektet tar for seg utvikling av ein organisasjonsteoretisk, didaktisk modell for samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt, og kva utfordringar og behov dette involverer.

Meir om prosjektet

Hovudaktivitetar

H.1. Gjennomføre skulebasert rettleiarutdanning med møteplass for lærarar og lærerutdannere (seks samlingar). Hovudformålet er å bidra til at praksisrettleiarar, lærarar og lærerutdannere utviklar ei felles forståing av oppgåva å utdanne yrkesfaglærarar, og dessutan å starte utvikling av ny infrastruktur.  Hovudinnhald blir planlagt av prosjektleiing og skoleleiarar i fellesskap.  

H.2. Etablere FoU-grupper der praksisrettleiarar, lærarar, instruktørar og lærerutdannere samarbeid om FoU-prosjekt. Gruppene skal møtast jamleg og utarbeide planar for prosjektgjennomføring, vurdering, dokumentasjon og intern og ekstern spreiing av resultat.  

H.3. Etablere samarbeidsgrupper mellom lærarar, lærerutdannere og instruktørar om planlegging gjennomføring og vurdering av etter- og vidareutdanning på Strømmen og Kuben.

H.4. Dialogmøte og konferansar internt i kvar organisasjon og mellom partane (Straumen, Kuben, YLU) for å:

  • styrke felles forståing av sentrale utfordringar i yrkesfaglærarutdanning og yrkesutdanning.
  • organisere og systematisere kollektiv og individuell erfaringslæring gjennom det daglege arbeidet for at dette kan danne grunnlag for studiepoeng (systematisering av realkompetanseutvikling).
  • utvikle ny infrastruktur mellom YLU og praksisfeltet (Strømmen/Kuben).

H.5. Dialogmøte/ -konferansar med praksisskolar og opplæringsbedrifter.

Det skal samlast inn data frå kvar av hovudaktivitetane med henblikk på å belyse korleis samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjon, skolar og bedrifter kan organiserast for å oppnå profesjons-/yrkesforankra utdanning av yrkesfaglærarar, og kva hindringar og moglegheiter består i. 

Antologi om resultata frå prosjektet

Vi jobbar med ein antologi om resultata av prosjektet. Tittelen er: Resultat frå prosjektet Lærerutdanningsskoler i Yrkesfaglærerutdanningen (LUSY) - OsloMet. 

Redaktørar for antologien er Ann Lisa Sylte, Hilde Hiim, Ellen Beate Hellne-Halvorsen og Nina Aakernes. Alle medlemmene i prosjektet bidrar i antologien.

Medlemmer

Laster inn ...

Samarbeidspartnarar

Akershus fylkeskommune

  • Anne Berge 

Oslo kommune

  • Line Andreassen
  • Åge Risdal

Strømmen videregåande skole

  • Bente Jorunn Dretvik 
  • Lars Jakob Berg 

Kuben videregåande skole

  • Maria Eriksson
  • Christian Linna Myhrvold 

Rud videregåande skole

  • Geir Lindblad, rektor
  • Hege Merete Sundet 

Publikasjonar

Eikeland, O. (2022). På sporet av en syvende forfatning: Aristoteles og den norske samarbeidsmodellen – makt, dialog og organisasjonslæring. New Deal Publishing. ISBN: 978-82-93682-02-8. 506 s.

Granborg, Øyvind, & Aakernes, N. (2024). Grensekryssing i yrkesfaglærerutdanningen: Betydningen av studentenes utviklingsprosjekter: [Boundary crossing in vocational teacher education: The role of students’ development projects]. Nordic Journal of Vocational Education and Training, 14(3), 50–69. 

Hiim, H. 2022. How Can Collaboration between Schools and Workplaces Contribute to Relevant Vocational Education? (doi.org) Vocations and Learning (2022).

Hiim, H. 2022. Developing Teacher professionalism in the era of neoliberalism In McNiff, J. (Ed.) Representations of the Academic. London: Routledge. In press. 

Hiim, H. (2022). The Quality and status of Norwegian VET. Billett, S., Stalder, B. E., Aarkrog, V., Choy, S., Hodge, S. & Le, A. H. (Red.). The Standing of Vocational Education and the Occupations It Serves Current Concerns and Strategies For Enhancing That Standing. The Quality and status of Norwegian VET. s. 201-222. Springer.

Hiim, H. & Sylte, A. L. (2024). Collaboration Between Educational Institutions and the Practical Field in Teacher Education-Epistemological Perspectives in a Project Aiming to Enhance Relevance in Vocational Teacher Education Through the Development of Teacher Education Schools. Social Education Research, 5(2), 484–500. 

Aakernes, N., Møllerhagen, T., Olstad, H. B. & Schaug R. M. (2023). Creating a Free Space for Professional Development through Collaborative Self-Study (doi.org). Studying Teacher Education.  

Se flere publikasjoner fra prosjektet i Cristin (app.cristin.no)

Aktuelt