Nordiske nabospråkambassadørar

Nordplus-prosjektet gir lærarstudentar autentiske møte med nabospråk og -kultur gjennom korte studieopphald i Norden, for å styrke språkforståing og didaktiske ferdigheiter.

Mange lærarar opplever usikkerheit når dei skal undervise i nabospråk, trass i politiske mål om nordisk språkforståing. Nordiske nabospråkambassadørar er eit samarbeid mellom lærarutdanningar i Norden for å styrke lærarstudentar sin kompetanse i nabospråk og -kultur.

Målet med prosjektet er å gi studentar autentiske møte med nabospråk gjennom korte studieopphald ved partnarinstitusjonar i eit anna nordisk land. Her deltar dei i undervisning, utvekslar erfaringar og prøver ut didaktiske metodar. Ambassadørmodellen gjer det mogleg å utvikle nye undervisningsformer som kan integrerast i førstespråkfaga.

Meir om prosjektet

Prosjektet er relevant for lærarstudentar, lærerutdannere og institusjonar som ønsker å styrke nordisk språk- og kulturforståing. Det gir også eit grunnlag for forsking på korleis autentiske nabospråkmøte påverkar kompetansen og haldningane til studentane.

Forskingsspørsmåla handlar blant anna om kva for nokre didaktiske strategiar som fungerer best i nabospråkundervisning, og korleis mobilitet og virtuelle møte kan bidra til læring. Metodane inkluderer spørjeundersøkingar, kvalitative intervju og analyse av undervisningsopplegg. 

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...