English version

Norsk nettverk for forsking på skriving i høgare utdanning

Prosjektet har som mål å auke forskingsaktivitetar og styrke forskingskulturen innan forsking på skriving i norsk høgare utdanning.

Både studentar og tilsette på eit universitet skriv, og dei skriv mykje. Ein skriv seg inn i eit fag, ein forskar gjennom å skrive, ein skriv for å dokumentere, formidle og for å lære, for å nemne noko.

Det går føre seg forsking på både studentanes og skrivepraksisane til dei tilsette i norsk høgare utdanning, men forskarmiljøet er lite, prosjekta relativt lokale og både datamengda og tidsramma for prosjekta er nokså avgrensa.

Når skriving har ein så sentral plass i høgare utdanning, er det eit stort behov for å samle feltet for å kunne auke både omfanget og kvaliteten på forskinga.

Dette prosjektet ønsker å samle forskarar som undersøker skriving i høgare utdanning og etablere eit norsk skriveforskingsnettverk – eit robust forskarfellesskap – for kunnskaps-, erfarings- og idéutveksling. Ambisjonen er å utvikle eit forskingsprosjekt av større omfang.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Eksterne deltakarar

Laster inn ...

Deltakarar i nettverket

Frå OsloMet

Laster inn ...

Frå andre institusjonar

  • Bodil Moss, HVL
  • Iben Brinch, UiB
  • Kåre Johan Mjør, HVL
  • Lynn Nygaard, PRIO
  • Siri Nergaard, USN
  • Daniel Lees Fryer, HiØ

Deltakande institusjonar

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Universitetet i Bergen
  • PRIO
  • Universitetet i Søraust-Noreg
  • Høgskolen i Østfold