English version

Oppfatningar om klima i det akademiske miljøet: ei komparativ studie mellom Noreg og Brasil

Prosjektet har som mål å forstå korleis klimaendringar blir oppfatta og erfarte i nokre akademiske miljø i Norge og Brasil.

Høgare utdanning spelar ei viktig rolle i korleis klimaendringar verkar inn på menneske sine fysiske, sosiale og psykologiske liv, sidan sektoren utdannar dei som vil vere nødvendige for å utføre arbeidet med reduksjon av utslepp og tilpassing i løpet av dei neste 30–50 åra. 

Resultata frå dette prosjektet kan bidra til å auke medvitet blant studentar og tilsette om kvifor og korleis klimaendringar bør inngå i pensum i samfunnsvitskaplege studium, og til å styrkje kompetansen til studentar og tilsette i å integrere kunnskap om klimapsykologi og psykisk helse frå eit tverrfagleg og globalt perspektiv.

Prosjektet har som mål å forstå korleis klimaendringar blir oppfatta og erfarte i det akademiske miljøet ved OsloMet og Universitetet i Oslo og i akademiske miljø i ulike brasilianske biomar (Amazonas, Atlanterhavsskogen og Caatinga). 

Studentar, fagtilsette og administrativt tilsette vil bli inviterte til å svare på nettbaserte spørjeskjema og delta i kvalitative intervju. Desse dataa vil bli brukte i ei tverrfagleg (psykologi, barnevern og sosialt arbeid) og kultur- og geografisk (det globale nord og sør) komparativ analyse.

Prosjektet er godkjent av SIKT (Norsk senter for data- og delingstenester i utdanning og forsking).

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...