I dette ph.d.-prosjektet utvikla og vurderte vi gjennomførlegheita av ein evidensbasert app med namnet Plunde (People Living Under Change) som hadde til hensikt å fremme og følgje opp livsstilsendringar hos personar med prediabetes.
Prediabetes, stadiet før diabetes blir fullt utvikla, representerer ein kritisk fase og eit vindauge der livsstilsendringar kan forhindre sjukdomsutvikling.
Prosjektet bestod av tre studiar. Den første studien samanlikna resultat frå gjennomførte kvalitative studiar om kva som kan hindre eller fremme livsstilsendringar (ein kvalitativ metasyntese).
Analysen av desse studiane gav oss viktig innsikt i korleis ulike sosiale og individuelle faktorar kan påverke livsstilsendringar.
Resultata frå den første studien og erfaring frå tidlegare forsking utført av forskingsgruppa danna grunnlaget for utvikling av ein prototye av Plunde i samarbeid med eit teknologiforskingsselskap (SimulaMet).
Prosjektdeltakarar
Meir om prosjektet
Dette doktorgradsprosjektet inkluderer tre studiar med ulike design. Den første studien er ein metasyntese med systematiske litteratursøk i seks ulike databasar, og predefinerte kriterium for inklusjon og eksklusjon av primærstudiar. Tematisk syntese for syntetisering og analyse av primærdata frå dei kvalitative studiane blei nytta.
I den andre kvalitative studien blei deltakarar med prediabetes inkluderte for å vurdere og forbetre brukarvennlegheita av appen. Think Aloud (TA)-metoden blei nytta, og deltakarane verbaliserte sine tankar, vurderingar og reaksjonar mens dei utføre oppgåver og interagerte med brukargrensesnittet i Plunde. Utdjupande semi-strukturerte intervju blei utførte i etterkant av testinga og prinsipp frå tematisk analyse blei nytta for analyse av intervjudata.
Den tredje studien var ein tre-arma randomisert kontrollert gjennomførlegheitsstudie med ei intervensjonsvarigheit på tolv veker. Vi evaluerte gjennomførlegheita av å bruke Plunde til å fremme og følgje opp livsstilsendring hos personar med prediabetes i primærhelsetenesta.
Deltakarane blei randomiserte til tre grupper:
- oppfølging gjennom app
- oppfølging gjennom app pluss tilvising til frisklivssentral
- berre tilvising til frisklivssentral (ordinær oppfølging)
Hovudutfallsmål i studien var gjennomførlegheit av Plunde, vurdert med dei førehandsdefinerte kriteria:
- brukartilfredsheit
- etterleving av appen
- motivasjon for bruk av appen
Sekundære utfallsmål var tidsbruk blant helsepersonell knytte til oppfølging av deltakarar, rekrutteringsfart og potensielle primære utfallsmål for ein fullskala randomisert kontrollert studie.
Dette inkluderte endring i kroppsvekt, midjemål og sjølvevaluert helse.