Ph.d.-prosjektet undersøker korleis pasientar med alvorlege ryggplager som ikkje er aktuelle for kirurgi, og fysioterapeutane deira, handterer behandling og oppfølging gjennom kunnskapsbaserte og biopsykososiale tilnærmingar.
Ved behandling av ryggplager blir nokre pasientar vurderte for kirurgi, men blir rekna som ueigna og alternativet er å halde fram med konservativ behandling.
Dette doktorgradsprosjektet undersøker korleis desse pasientane og fysioterapeutane deira handterer behandling og oppfølging. Gjennom å belyse klinisk avgjerdstaking og pasientars erfaringar skal studien styrke kunnskapsbasert praksis i fysioterapi.
Studien undersøker nærmare korleis både kliniske og psykososiale aspekt får noko å seie for korleis pasientar navigerer etter vurdering for kirurgi. Metodane omfattar, pasientintervju, fokusgruppeintervju med fysioterapeutar og deltakande observasjon av kliniske møte.