Ph.d.-prosjekt som utforskar kva rolle estetiske læringsprosessar kan spele i naturfagundervisninga innanfor konteksta utdanning for berekraftig utvikling.
I prosjektet undersøker eg korleis eit utval grunnskolelærarstudentar reflekterer rundt bruk av estetiske læringsprosessar i naturfagundervisning, og samtalene til elevane knytte til denne undervisninga.
I studien utviklar lærarstudentane eit undervisningsopplegg som inkluderer estetiske læringsprosessar om utdanning for berekraftig utvikling og gjennomfører det to gonger i etterfølgjande praksisperiode.
Metode
Det overordna designet på prosjektet vil vere inspirert av prinsippa for Design-based research (DBR) beskrive av Anderson og Shattuck (2012).
Kvalitative data samlast gjennom anonyme kvalitative individuelle spørjeskjema, semistrukturerte gruppeintervju, deltakande og ikkje-deltakande open observasjon med blikket retta både mot lærarstudentar og elevar (Johannessen et al., 2021; Kvale & Brinkmann, 2015).
Dataa vil analyserast ved hjelp av tematisk analyse (Braun & Clarke, 2006) og innhaldsanalyse (Hsieh & Shannon, 2005).
Meir informasjon
Rettleiarar
- Jun.-Prof. Marisa Alena Holzapfel, Universität Greifswald
- Professor Marianne Ødegaard, Universitetet i Oslo
- Postdoktor og Førsteamanuensis Mari Heum Sjøberg, Universitetet i Oslo og
Universitetet i Sørøst-Norge