Ph.d.-prosjekt som utforskar korleis ein kan styrke fleirspråkleg pedagogikk i engelskundervisninga i skolar i Noreg.
Prosjektet utforskar korleis ein kan styrke fleirspråkleg pedagogikk i engelskundervisninga i skolar i Noreg gjennom å undersøke dei fleirspråklege oppfatningane og pedagogikken til engelsklærarar i språkleg rike og mangfaldige skolekontekster.
Inkludering er viktig i skolane, spesielt ettersom mange samfunn opplever aukande mangfald. Språklege og kulturelle forskjellar skaper barrierar for elevar. Derfor blir lærarar oppfordra av politikarar og forsking til å gjennomføre fleirspråklege pedagogikkar. Forsking tyder likevel på at dette ikkje blir gjennomført systematisk i skolar, og meir forsking er nødvendig.
Tre forskingsspørsmål rettleier denne forskinga:
- Kva for nokre fleirspråklege oppfatningar og pedagogikkar har engelsklærarar i Noreg?
- Kva påverkar dei fleirspråklege oppfatningane og pedagogikkane til engelsklærarar i Noreg?
- Kva for nokre metodologiske tilnærmingar er effektive i forskinga på fleirspråklege oppfatningar og pedagogikkar?
Metode
Eit forklarande sekvensielt blanda metodedesign blir brukt, inkludert ei spørjeundersøking, observasjons- og intervjustudie og ein lærarsamarbeidsstudie.
Forskinga er relevant for (engelsk)språklærarar, lærerutdannere, skoleadministratorar, politikarane og andre viktige interessentar innan utdanning, inkludert elevar og foreldra deira.
Meir informasjon
Rettleiarar
Åsta Haukås, Universitetet i Bergen