English version

KI-støtta førskriving i ungdomsskulen: Idéutvikling, idéflytting og elevperspektiv

Ph.d.-prosjekt som undersøker korleis elevar utviklar idear og forstår forfattarskap når dei i førskrivinga bruker ein chatbot som berre stiller spørsmål og ikkje skriv tekst for dei.

Dette prosjektet undersøker korleis elevar utviklar og vurderer idear når dei i førskrivinga bruker ein chatbot som berre stiller spørsmål og aldri skriv tekst.

Gjennom analysar av chatloggar, elevtekster og elevintervju utforskar eg korleis denne spørsmålsbaserte interaksjonen påverkar skriveprosessar i ungdomsskulen.

Målet er å forstå korleis denne forma for KI-samhandling påverkar idéarbeidet, og kva idear som finn vegen vidare til teksta til eleven, når dei seinare skriv utan hjelp frå generativ KI.

Tre studiar

Prosjektet består av tre studiar. 

«When AI Only Asks» viser korleis elevar og ein spørsmålsbasert chatbot saman utviklar tre typiske forløp i førskrivinga: forløp med framdrift der idear veks, forløp med retningsskifte der samtalen dreier, og forløp som stoppar opp.  

«Is There a Text in This Chat? Tracing Idea Movement and Evaluative Sense in AI-Supported School Writing» undersøker korleis idear frå dialogen blir endra, forsvinn eller dukkar opp igjen i dei ferdige tekstene til elevane, og kva dette fortel om kva dei meiner høyrer heime i ei skoletekst.  

Ein tredje artikkel bygger på elevintervju. Korleis opplever dei sjølv å skrive med ein spørsmålsbasert chatbot? 

Prosjektet analyserer KI-dialogar, elevtekster og intervju, og er relevant for skolar, lærarutdanning, forskarar og teknologimiljø. Målet er å finne ut korleis generativ KI kan støtte tidleg idéutvikling på måtar som bevarer eigarskapet, stemma og læringa til elevane.

Rettleiarar

Hovudrettleiar: Marte Blikstad-Balas, professor ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Universitetet i Oslo

Laster inn ...