Formålet med prosjektet Praksisutveksling i det globale sør er å oppnå eit meir stabilt og varig auka studenttal, på eit meir kvalitetssikra praksisutvekslingstilbod i det globale sør.
Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning har behov for eit nærmare partnarskap med aktørane ved universiteta og praksisskolane i det globale sør. For å styrke partnarskapet har ein i prosjektet både virtuelt samarbeid og fysiske møte, primært knytt til praksisoppfølginga i det globale sør som dei tilsette gjer.
Meir om prosjektet
Prosjektet har fleire formål:
- betre kvalitet på praksisutveksling for studentar til det globale sør
- auka antal studentar på praksisutveksling i det globale sør
- auka tilsettemobilitet for å forbetre praksisutveksling i det globale sør
- auka virtuelt mobilitetssamarbeid
- styrkte internasjonalisering heime
- auka gjensidig påverknad i samarbeid med partnarar i det globale sør
Partnarar i sør deltek på to fysiske konferansar i nord i prosjektperioden. Gjensidig tilsettemobilitet i prosjektperioden har som formål å auke kvaliteten på praksisutvekslinga og på utbyttet til studentane av praksisutvekslinga i det globale sør
Gjennom å utvikle ein praksisutvekslingsmodell sin blir utvikla i det globale sør vil vi oppnå institusjonalisering av, og berekraft i, partnarskapet, med auka grad av virtuelt samarbeid i partnarskapet med vertsuniversitet og partnarskolane etter at prosjektet er avslutta.
Vi vil evaluere praksisutvekslingstilbodet i prosjektperioden.
Deltakarar ved OsloMet
Samarbeidspartnarar
- Western Cape University, Sør-Afrika
- Tribuvan University, Nepal
- Nordic Center, India