English version

Profesjonelt skjønn som rektor: Meiningsskaping og emosjonelt arbeid i komplekse situasjonar

Korleis fortolkar rektorar komplekse, tvetydige situasjonar og skapar meining når ulike omsyn kjem i konflikt med kvarandre? Dette prosjektet undersøker korleis norske rektorar møter situasjonar som inneber bruk av profesjonelt skjønn.

Rektorar har eit stort, og stadig større, ansvar og handterer stadig meir krevjande og komplekse utfordringar. Dei skal ivareta ei rekke ulike omsyn og står stadig i krysspress, ofte mellom administrative, fagleg-pedagogiske og relasjonelle omsyn. Slike spenningar fører med seg etiske spørsmål, men også emosjonelt arbeid med å handtere eigne og andre sine følelsar. Samtidig veit vi lite om korleis rektorar oppfattar og vurderer slike utfordringar i skulekvardagen.

Målet med prosjektet er å utvikle ny kunnskap om korleis rektorar bruker profesjonelt skjønn når dei fortolker og skal ta avgjerder. Aktuell kunnskap ligg gjerne innvoven og implisitt i handlingar. Prosjektet er relevant for skuleleiarar og andre som jobbar i skulen, men også skuleeigarar, skuleleiarutdanningar og andre som er opptatt av leiarutvikling.

Studien byggjer i hovudsak på kvalitative intervju med rektorar frå heile landet. Med bakgrunn i at profesjonelt skjønn er eit flyktig, kompleks og omdiskutert omgrep, er ein del av studien å utvikle eit samansett intervjudesign som kan fange fleire aspekt av fenomenet. I tillegg blir ei leiargruppe ved ein skule observert over tid.

Norhild Joleik sine publikasjonar (nva.sikt.no)

Stipendiat

Laster inn ...

Rettleiarar

Laster inn ...