Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Realkompetansevurdering og språk hand i hand, eit casestudie blant vaksne som søkjer helsearbeidarfag

Realkompetansevurdering og språk hand i hand, eit casestudie blant vaksne som søkjer helsearbeidarfag

Korleis kan vi på best mogleg måte få fram både språklege ressursar og medbrakt kompetanse hos vaksne som søkjer seg til helsearbeidarfag?

Periode
01.01.2026 – 01.01.2027
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for yrkesfaglærerutdanning (YLU)
Prosjektleder
  • Anette Lund Follestad
  • Kjersti Skappel Price

Dette forskingsprosjektet undersøker praksis i vidaregåande opplæring for vaksne (VOV) i Akershus. Utfordringane er knytte til at deltakarane skal lære både fag og språk parallelt, i ein tidsavgrensa periode. Samstundes har deltakarane i VOV større mangfald i dag enn tidlegare, særleg når det gjeld språk.

Undersøkinga legg særleg vekt på perioden for realkompetansevurdering (RKV) – der deltakarane kan ha avgrensa ferdigheiter i det norske språket.

Realkompetansevurdering er svært aktuelt i samband med Fullføringsreforma, som har som mål å sikre at fleire ungdommar og vaksne fullfører vidaregåande opplæring.

Prosjektets arbeidsproblemstilling er kva som kjenneteiknar dei gode døma (best practice) i bruken av språklege ressursar og ressursar knytte til medbrakt kompetanse i VOV i Akershus fylke?

Forskingsspørsmål:

  • Kva gjer lærarar i møtet med vaksne deltakarar for å synleggjere deltakarane sine språklege ressursar?
  • Kva kjenneteiknar praksisen til fagpersonar i RKV som har eit ressursperspektiv?
  • Korleis skildrar deltakarar erfaringane sine i RKV – har dei fått vist både dei språklege ressursane sine og den medbrakte kompetansen sin?

Prosjektdeltakere

  • Anette Lund Follestad

    Anette Lund Follestad

    • universitetslektor
    • +47 672 36 465
  • Kjersti Skappel Price

    Kjersti Skappel Price

    • universitetslektor
    • +47 672 36 372

Eksterne deltakere

  • Guro Engstrøm Nilsen, Akershus fylkeskommune
  • Marthe Kristine Werner Pettersen, Akershus fylkeskommune
Publisert: 18.06.2026Sist oppdatert: 30.06.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring