English version

Ryggplager hos eldre (BACE-N)

Prosjektet er ein del av det internasjonale konsortiet Back Complaints in the Elders (BACE), etablert for å utvikla standardisert metodikk for store kohortstudiar om byrda av ryggplager hos eldre.

Hovudmåla med BACE-N var å

Prosjektet har bidrege med ny kunnskap om prognosen for ryggrelatert smerte og funksjonsavgrensing hos eldre personar som søkjer hjelp i norsk primærheilseteneste, det kliniske forløpet av ryggsmerter over to års oppfølging, ei grundig beskriving av helsetenesteforbruk og relaterte kostnader, og dessutan prognostiske faktorar som påverkar god eller dårleg prognose.

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...
  • Meir om prosjektet

    BACE-N er ein prospektiv kohortstudie, der me har rekruttert 452 pasientar over 55 år frå eit breitt nettverk av allmennlegar, fysioterapeutar og kiropraktorar i norsk primærhelseteneste.

    Inkluderte pasientar svarte på ei omfattande spørjeskjemaundersøking og gjekk gjennom ei fysisk undersøking ved baseline, og har etterfølgjande vorte følgt opp med spørjeskjema etter 3, 6, 12 og 24 månader.

    Det er mange forskingsspørsmål i BACE-N. Dei fleste av dei store forskingsspørsmåla har vorte behandla i to avslutta og ei pågåande doktorgrad.

    To av doktorgradskandidatane, Rikke Munk Killingmo og Ørjan Nesse Vigdal, har publisert fleire artiklar basert på BACE-N materialet, og den tredje doktorgradskandidaten, Lise Kretz, har levert inn den første artikkelen i avhandlinga si.

    I tillegg har me to publikasjonar undervegs (Ann-Christin Sannes, postdoktor). Dertil har fleire masterstudentar brukt delar av BACE-N materialet i masteroppgåvene sine.