English version

Saman betrar vi praksis. Samarbeid om meir inkluderande kroppsøving for funksjonshindra barn og unge (IMPRATO)

IMPRATO-prosjektet skal utforske og utvikle kunnskap om samarbeid retta mot å fremme deltaking i kroppsøving for funksjonshindra barn og unge.

Brukarmedverknad med involvering av barn/ungdom og foreldre i tillegg til profesjonsutøvarar er sentralt i forskningsprosjektet. 

Prosjektet består av tre steg der vi skal

  1. kartlegge eksisterande samarbeidspraksisar– kva blir opplevd som utfordringar og moglegheiter for samarbeid? Fysioterapeutar, kroppsøvingslærarar, elevar og føresette vil dele sine erfaringar og idear. Det blir opna for å trekke inn andre samarbeidspartnarar i tillegg.
  2. utvikle samarbeidsmodell for å fremme funksjonshindra barn og unge si deltaking i kroppsøving.
  3. prøve ut samarbeidsmodell og evaluere gjennomføring og nytteverdi av denne.
  • Deltakarar

    Laster inn ...
  • Meir om prosjektet

    Tidlegare forsking har vist at mange funksjonshindra barn og unge har negative erfaringar med kroppsøvingsfaget.

    Fleire opplever at dei får delta mindre enn dei ønsker, og dei føler seg ekskludert frå fellesskapet med jamaldrande.

    Slike opplevingar kan vere uheldige med tanke på utvikling av sosial tilhøyrsle, men også for eleven si noverande og framtidige helse. 

    Kroppsøving representerer eit sentralt fag som skal fremme aktivitet og glede ved bevegelse, og bidra til å legge grunnlag for gode aktivitetsvanar vidare i livet.

    Prosjektet har til hensikt å bringe fram kunnskap om kva fysioterapeutar, kroppsøvingslærarar, elevar og føresette og eventuelt andre relevante samarbeidspartnarar opplever som fremmande og hemmande for samarbeid mellom aktørane, samt utforske idear dei har til utvikling av betre samarbeidspraksisar. 

    Basert på denne kunnskapen vil det bli lagt til rette for at dei involverte partane saman utviklar ein modell for samarbeid om kroppsøving ved skular.

    Denne modellen skal også testast ut, og både gjennomføringa og modellen skal evaluerast. Prosjektet nyttar aksjonsforsking som metode.

    Kvalitative data blir innsamla i form av intervju, observasjon av aktuelle aktivitetar, lydopptak av diskusjonar, skriftleg materiale frå ulike arbeidsmøte, samt forskarane sine feltnotatar. Samskaping vert arbeidsmodell i prosjektet.

    Kunnskapen som blir opparbeida gjennom prosjektet og modellen for samarbeid som blir utvikla har som formål å fremme deltaking og inkludering i kroppsøving.

    Resultata frå prosjektet vil kunne bidra med viktig kunnskap for funksjonshindra barn og unge.

    Kunnskapen og modellen vil også kunne ha overføringsverdi til andre område, og danne utgangspunkt for utvikling og forbetring av liknande samarbeidspraksisar på tvers av profesjonar og posisjonar, både i kommunar og i spesialisthelsetenesta. 

  • Samarbeidspartnarar

    • Norges idrettshøgskole (NIH)
    • Høgskulen på Vestlandet (HVL)