Prosjektet undersøker korleis skolar, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og andre støttetenester samarbeider om oppfølging av elevar med urovekkande skolefråvær.
Det rettar særleg merksemd mot korleis avgjerder blir tatte og følgde opp, og korleis elevens – og eventuelt føresettes – perspektiv kjem til uttrykk i samarbeidet.
Forskarane i prosjektet følgjer 8–10 konkrete fråværssaker over tid i tre kommunar på Austlandet. Datamaterialet omfattar observasjonar av møte, dokument og intervju. Studien skal gi kunnskap om korleis samarbeidet utviklar seg, kva forhold som har noko å seie for oppfølginga, og korleis elevar og føresette blir involverte i arbeidet.
I tillegg skal prosjektet vidareutvikle metodiske og etiske tilnærmingar til studiar av konkrete fråværssaker. Dette kan vere nyttig for den vidare kunnskapsutviklinga på feltet.
SAFE er eit samarbeid mellom Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU) ved fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI) og Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet.
Prosjektet er finansiert gjennom OsloMets forskningssatsing Inkludering av fleire barn og unge.