English version
Ein person i rød kjole skjærer ut ein treskje med kniv

Tradisjonshandverk for ei berekraftig framtid

Prosjektet jobbar med å styrke kompetansen til yrkesfaglæraren innan tradisjonshandverk og legg til rette for kurs i utdanningane.

Yrkesfaglærarar innan Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (FBIE) og Håndverk, design og produktutvikling (HDP) får kompetanse til å undervise på vg1, vg2 og vg3 nivå innan eige utdanningsprogram og i faget Kunst og handverk, Arbeidslivsfag, Utdanningsvalg og andre valfag i ungdomskolen.

Prosjektet gir yrkesfaglærarane auka kompetanse innan tradisjonshandverk for ei berekraftig framtid ved å legge til rette for kurs med ulike handverkarar gjennom fire semester dei to første studieåra.

Bakgrunn 

Mange av studentane våre vel å undervise i ungdomssteget etter enda yrkesfaglærarutdanning. Det er viktig at elevane blir introduserte for tradisjonshandverka gjennom praktisk arbeid på ungdomsskulen, fordi det synleggjer, kan auke interessa og vise moglege karrierevegar for dagens ungdom.

Gjennom kurs frå handverkarar får yrkesfaglærarane eit unikt høve til å gi ein elevane ei yrkesrelevant og yrkesretta undervisning slik at elvane får kjennskapar til ulike yrke og dei fårkompetanse knytt til tradisjonshandverk som gjer at dei kan vidareformidle kunnskapen vidare til elevane.

Mål

Hovudmålet for prosjektet er å gi studentane opplæring innan harde, mjuke og plastiske materiale, som er i tråd med kompetansemåla i kunst og handverk på ungdomssteget.

Dette er viktig for å vareta og vidareformidle den immaterielle kulturarven, som er ein del av Overordna del av læreplanverket. I tillegg får dei kunnskap innan saum- og tekstilhandverk, trearbeid, gull- og sølvsmedhandverk og keramikkfaget.

Forskingsspørsmål

Korleis kan opplæringa av yrkesfaglærarstudentane innan HDP/FBIE blir styrkt slik at dei får brei nok kompetanse til å undervise i kunst og handverk, og andre relevante valfag på ungdomssteget? 

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...