Yrkesfaglærarar si tilrettelegging i overgangen frå skole til arbeidsliv (School4Work)
Vi skal utvikle kunnskap som yrkesfaglærarar kan bruke når dei skal hjelpe elevane med overgangen frå skulebasert læring til læreplass.
Fråfall i vidaregåande opplæring blir rekna som ei av dei største utfordringane i norsk skole. Dette har i mange år fått mykje merksemd, både blant politikarar og i media. Fråfallet er størst innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram, og det er særleg overgangen frå den skulebaserte delen av opplæringa til læretida som er ei utfordring for mange elevar.
Kvart år står rundt 6000 søkarar utan læreplass i bedrift. Fleirtalet av dei har lovfesta rett til vidaregåande opplæring.
Prosjektet har som mål å utvikle kunnskap om overgangen frå skolen til læretida og om rolla som vidaregåande skolar, yrkesfaglærarar, bedrifter og opplæringskontor har i denne overgangen.
Målet er å utvikle tiltak og strategiar som kan gjere yrkesfaglærarar betre i stand til å legge til rette for overgangen til elevane til læretida, og å utarbeide ei bok om overgangen frå skolen til læretida som kan brukast i yrkesfaglærarutdanninga.
Samarbeidspartnarar
Prosjektet blir gjennomført av ei tverrfagleg samansett forskingsgruppe i samarbeid med Utdanningsetaten i Oslo og Akershus fylkeskommune. Prosjektet inkluderer ein ph.d.-stipendiat og ei postdoktorstilling.
Prosjektdeltakere
Eksterne deltakere
- Torgeir Nyen (Fafo)
- Markus R. Breines (Fafo)
- Silje Andresen (Fafo)
- Erika Braanen Sterri (Fafo)
- Paula Protsch (Federal Institute for Vocational Education and Training og University of Cologne, Tyskland)
- Øystein Berglund, Utdanningsetaten i Oslo
- Olav Horne, Akershus fylkeskommune
Tilknyttede deltakere
Aktuelt om prosjektet

- Oppvekst, skole og utdanning
Når elever skal bli lærlinger: Slik forbereder lærerne dem
Forskere har undersøkt hvordan yrkesfaglærere forbereder elevene på overgangen til læretiden. Særlig én ting overrasket dem.
Skal forske på hvordan flere elever kan få læreplass
Hvordan kan yrkesfaglærere hjelpe elever med overgangen fra skolebasert læring til læreplass?



