English version

From Cape2Cape – Utvikling av internasjonalisering i fag- og yrkesopplæring

Phd-prosjektet undersøker korleis internasjonalisering kan implementerast i vidaregåande opplæring. Samarbeidet skal bidra å gi yrkesfagelevar betre føresetnader for å arbeide på internasjonale arbeidsplassar uavhengig av kva land dei er i.

Målet er at to yrkesfagskolar, i Ghana og Noreg, i sammarbeid kan utvikle og implementere Virtuell Utveksling i to av dei yrkesfaglege studieretningane sine. Utvekslinga har fokus på å førebu elvane på eit globalt arbeidsliv, ei verd som er i endring og berekraftig utvikling i yrkesfaget. Dette krev interkulturell kompetanse og forståing av ulike perspektiv.

Intensjonen er å legge til rette for eit likeverdig partnarskap mellom dei samarbeidande skolane, gjensidig utveksling mellom både lærarar i planleggingsfasen og elevane i utføringsfasen, og dessutan få til ei varig endring hos dei deltakande skolane som kan vere til inspirasjon for andre yrkesfaglege skolar både i Globale Syd og Nord.

Studien bygger på Formative Interventions som beskrive av Engeström for å utvikle samarbeidet mellom dei to institusjonane, prinsipp frå Critical Virtual Exchange for design av elevutvekslinga, Expansive Learning som teoretisk rammeverk. og ekspansiv læringsteori for analyse av dataa. Prosjektet er eit samarbeid med Winneba Technical Institute i Ghana og Skjetlein vidaregåande skole i Trøndelag.

Publikasjonar fra Steinar Mathisen (researchgate.net)

Rettleiarar

Laster inn ...

Anna Turula, professor ved Universitetet i Wrocław