Det er venta mellom 300 og 400 deltakarar frå akademia, næringsliv og offentleg sektor på den årlege kvantekonferansen IQT Nordics, som i år blir arrangert i Noreg for første gong.
– Det er rekordmange som kjem til å delta på konferansen, seier André Brodtkorb, instituttleiar ved Institutt for informasjonsteknologi ved OsloMet.
Vidare fortel Brodtkorb at arrangementet byrjar å sprenge grensene for kva som er fysisk mogleg på campus.
– Vi er faktisk i ferd med å tøye kapasiteten for kor mange menneske det er plass til, forklarar han.
Samlar fire nasjonale kvantesenter
Konferansen blir arrangert av OsloMet i samarbeid med forskingsinstituttet Simula og omfattar kring 70 faglege presentasjonar.
Arrangementet blir den første samlinga for dei fire nasjonale kvantesentera som regjeringa har oppretta i år, der OsloMet er involvert i tre av dei. Blant dei sentrale forskarane frå OsloMet er Sølve Selstø og Sergiy Denysov frå OsloMet sin kvantehub (uni.oslomet.no).
Sjølve opninga av arrangementet blir gjort av forsking- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap), OsloMet-rektor Christen Krogh og Simula-leiar Lillian Røstad.
– Dei kjem topptunge for å opne denne konferansen. Så det er klart ho er viktig, seier Brodtkorb.
Som del av programmet blir det ei mottaking i Oslo rådhus, samt eit kveldscruise på Oslofjorden.
– Dette kjem til å skape nye koplingar mellom folk som burde kjenne kvarandre, og som tek dei første koplingane nett på denne båtturen, held Brodtkorb fram.
Han samanliknar det noverande stadiet for kvanteteknologi med den tidlege utviklinga av kunstig intelligens (KI), der teknologien måtte modnast før ho fekk eit breitt gjennombrot i samfunnet.
André Brodtkorb frå instituttet sitt eige seminar om å byggje relevante studieprogram for framtida.
Utdannar ikkje-fysikarar
Medan regjeringa tidlegare i år tildelte fleire studieplassar innan kvantefysikk til andre norske universitet, har OsloMet valt ei anna tilnærming for å byggje kompetanse.
– Kvanteteknologi har minst det same samfunnsmessige potensialet som kunstig intelligens, og det kjem til å påverke mange sektorar framover, seier Brodtkorb.
Han meiner difor det er kritisk å byggje kompetanse i tide, og peikar på behovet for IT-utviklarar og ingeniørar som kan bruke verktøya i praksis, ikkje berre forskarar som forstår det teoretiske.
– Ein ting vi er veldig gode på ved OsloMet, er å undervise kvantefysikk til ikkje-matematikarar og ikkje-fysikarar, forklarar Brodtkorb.
Sidan talet på reine matematikarar og fysikarar i samfunnet er avgrensa, peikar instituttleiaren på behovet for å utdanne andre faggrupper innan kvanteteknologi, slik at samfunnet kan hauste nytte av teknologiske gjennombrot
Fakta om IQT Nordics:
- Stad: OsloMet
- Tid: 22.–24. juni 2026
- Påmelding: IQT Nordics (iqtevent.com)
Kontakt
Meir om kvanteteknologi
Mattijn Thijmen utforsker kvanteteknologiens verden gjennom et prosjektemne i kvanteteknologi. Målet er å forstå Grovers algoritme, noe han mener kan være starten på å knekke dagens krypteringer.
OsloMet vart samlingspunkt for fysikarar, kunstnarar og filosofar frå heile verda gjennom workshopen «Entangled Visions», som markerte slutten på FNs år for kvantevitskap.
KI er på alles lepper, men i bakgrunnen foregår et teknologisk kappløp som kan bli enda viktigere. Nå kaster selv samfunnsvitere og politiske rådgivere seg på skolebenken for å forstå kvanteteknologi.
Regjeringa investerer 244 millionar kroner i fire nye forskingssenter for kvanteteknologi, der OsloMet er knytt til tre av dei.