«Kor mange delar kan du fjerne, og framleis kalle det ein bil?» Dette spørsmålet, stilt av ein IPS-jobbspesialist i eit gruppeintervju våren 2023, uttrykkjer ei kjensle av at noko vesentleg hadde gått tapt.
IPS er ein dokumentert effektiv metode for å hjelpe menneske med psykiske helse- og rusutfordringar ut i arbeid. Men å oppskalere IPS til eit landsdekkande og tilgjengeleg tilbod har blitt prega av motstridande styringslogikkar, som har skapt spenningar mellom intensjon og praksis.
Ein grunnpremiss i IPS er å integrere arbeidsretta støtte i behandling. I Noreg fekk modellen aukande utbreiing i etterkant av ein multisenterpilot 2013-2016. Ei evaluering av IPS-pilotane i 2016 (nva.sikt.no) dokumenterte at IPS var meir effektiv enn anna arbeidsretta oppfølging òg i ein norsk kontekst. Ein oppfølgingsstudie frå 2021 (pubmed.gov) viste særleg gode effektar for personar med alvorlege psykiske lidingar, for deltakarar mellom 18 og 30 år og for vaksne over 21 år utan fullført vidaregåande opplæring.
IPS vart fasa inn som eit spleiselag mellom helsetenestene og Nav, med ulike lokale løysingar. Nokre stader vart jobbspesialiststillingane finansierte av og organisatorisk plasserte i Nav, andre stader i helse – og somme stader både/og.
Uavhengig av denne formelle tilsetjinga, var ei sentral forståing i praksisfeltet å streve etter at arbeidsretta og helseretta oppfølging skulle skje saumlaust og kontinuerleg. Dette føresette å gjere IPS-jobbspesialisten til fullverdig medlem av helseteam, og at nødvendig infrastruktur understøtta denne integrasjonen. Døme på slik infrastruktur er felles dokumentasjonssystem, lokalisering og møtepraksisar.
Men nye nasjonale føringar frå 2022 endra korleis IPS blir organisert og praktisert. Kasta myndigheitene med dette også vekk ei moglegheit til å teste ut meir integrerte løysingar i praksis?
Denne kronikken byggjer på ein studie publisert i Tidsskrift for velferdsforskning i mai 2025 (scup.com), der eg med 2022-føringane som omdreiingspunkt analyserer korleis ulike mål og styringslogikkar har påverka IPS-organiseringa i Noreg.
Logikken om arbeid som helsefremjande – men ikkje helsehjelp
IPS-modellen byggjer på ei grunnleggjande forståing av arbeid som helsefremjande. Jobbspesialisten skal vere ein integrert del av behandlingsteamet, og bidra til at arbeid blir ein del av tilfriskningsprosessen.
Slik konkretiserer modellen ei kopling mellom arbeid og psykisk helse som har vore uttrykt som mål i politiske styringsdokument frå 1990-talet og framover. Dette er også i tråd med ein OECD-rapport frå 2013 (oecd.org) som tilrår Noreg å utvikle integrerte løysingar mellom behandlande helsetenester og Nav.
Men på ei anna side vart IPS utvikla for å integrere arbeidsretta oppfølging i behandling innan psykiske helsetenester i ein amerikansk kontekst, og gir inga oppskrift for korleis prinsippet om arbeid-helse-integrasjon skal praktiserast når dette fordrar tverrsektoriell samhandling.
I april 2022 kom eit brev frå Helsedirektoratet (helsedirektoratet.no) som slo fast at IPS-jobbspesialistar ikkje yter helsehjelp, og primært bør vere tilsette i Nav. Vurderinga av at IPS-jobbspesialisten sine primæroppgåver knytt til arbeidsretta oppfølging ikkje er å rekne som helsehjelp etter helselovgjevinga, gjeld uavhengig av om jobbspesialisten er tilsett i Nav eller i helse- og omsorgstenesta.
Dette får konsekvensar for integrasjonen i behandlingsteam fordi jobbspesialistar ikkje kan ha tilgang til pasientjournal, og berre kan delta i ikkje-anonymiserte behandlingsmøte dersom pasienten har gitt aktivt samtykke.
For praksisfeltet kom brevet som ei overrasking. Jobbspesialistar opplevde det som eit brot med etablerte samarbeidsformer og profesjonelle forventningar om å vere integrerte i behandlingsteam i tråd med IPS-modellen.
Evalueringsrapportar, frå Norce i 2021 og Proba Samfunnsanalyse i 2024, viser variasjon i korleis integrasjon og samarbeidsstrukturar har fungert – både før og etter 2022-brevet. Men føringane frå 2022 har gjort det vanskelegare å få til tett samhandling, og svekkjer insentiva for helse til å prioritere IPS.
Logikken om stabilitet – men på kostnad av integrasjon
Allereie i 2016 tilrådde fagmyndigheitene Nav-finansiering av IPS for å legge til rette for at tiltaket vart del av det ordinære tenestetilbodet i heile landet. I studien min kjem det fram at det dominerande omsynet dei påfølgjande åra vart å sikre IPS som eit permanent tilbod utanfor prosjektrammer («avprosjektifisering»). Middelet for å oppnå dette vart å lande ei løysing der klare sektorgrenser vart prioritert, og ansvar fordelt etter tradisjonelle sektorrammer.
Dette førte til at IPS vart innretta og definert som eit arbeidsmarknadstiltak, snarare enn som den integrerte helse- og arbeidsintervensjonen modellen føreskriv. Dette skjedde før den juridiske vurderinga av at IPS-jobbspesialisten sine primæroppgåver ikkje er å sjå som helsehjelp var gjort.
Denne logikken gjer IPS meir likt tradisjonelt sektorsamarbeid enn tenesteintegrasjon, og bryt med kjerneprinsipp i modellen. Prioriteringa vart dermed å avklare den formelle sektortilhøyrsla framfor å utforske potensialet for sektorintegrasjon.
Logikken om fagleg kvalitet – men med svekka modelltruskap
Å prioritere tiltak med dokumentert effekt er lagt som ein grunnpremiss for arbeid-helse-satsinga frå myndigheitene, og effektdokumentasjonen har vore viktig for gjennomslag og legitimitet for IPS i helsetenestene.
IPS er ein standardisert metode der modelltruskap blir målt med ein etterlevingsskala. Overordna er høg modelltruskap indikert å korrelere positivt med ønskte resultat.
Den norske pilotevalueringa frå 2016 fann betre effekt av IPS der jobbspesialisten var integrert i behandlingsteamet og det vart brukt felles dokumentasjon. Norce-evalueringa frå 2021 understreka kor viktig sektorintegrasjon er, altså at arbeidsretta og helseretta oppfølging kan skje saumlaust og kontinuerleg, ved at IPS-jobbspesialisten er ein fullverdig del av helseteamet.
Når slike element blir svekka, slik føringane i 2022-brevet medfører, gir det grunn til å spørje om IPS framleis kan levere på det som gjer modellen effektiv. Både i min studie og i andre evalueringar og studiar uttrykkjer praksisaktørar uro for svekka kvalitet. Dei fryktar at IPS blir eit tilbod for dei med relativt god funksjonsevne, medan dei med mest samansette behov, der effekten er best dokumentert, fell utanfor.
Logikken om juridisk presisjon – men med uklare konsekvensar
Brevet frå 2022 klargjorde korleis samarbeidet mellom helse- og omsorgstenesta og Nav om IPS må praktiserast i lys av helselovgjevinga, men gir ei snever forståing av kva som kan reknast som helsehjelp og kva roller som kan inngå i behandlingsteam.
For praksisfeltet har dette ført til usikkerheit og frustrasjon. Mange uttrykkjer at IPS blir definert vekk frå det tilnærminga er meint å vere og har fungert som – ei heilskapleg støtteform som kombinerer arbeid og behandling. Når juridiske definisjonar ikkje samsvarer med faglege forståingar og erfaringar, oppstår det eit gap som kan svekke både kvalitet og tillit.
Logikken om tilpassing – men med inkonsekvent handlingsrom
FACT (Flexible Assertive Community Treatment)-modellen er døme på ein annan tenestemodell innanfor psykiske helsetenester der hjelp til å kome i arbeid kan inngå som del av oppfølginga frå eit tverrfagleg samansett team.
Her vart det i samband med revisjonen av FACT-handboka i 2023 valt ei anna løysing for å integrere arbeid i behandlinga. Ved å endre nemninga frå «jobbspesialist» til «arbeids- og utdanningsspesialist», definert som ei miljøterapeutisk rolle som yter helsehjelp, har FACT omgått dei juridiske snubletrådane IPS har møtt. I motsetning til IPS, held dermed den arbeidsretta oppfølginga i FACT fram med å vere juridisk og fagleg definert som ein integrert del av helsehjelpa.
Men dette reiser nye spørsmål: FACT blir då ei rein helseteneste, i strid med vurderingar i 2016-strategien om at fagområdet arbeid-helse vil vere best tent med tverrsektorielt integrerte løysingar framfor å utvikle isolerte tilbod innanfor den enkelte sektor.
Det viser ein inkonsekvens i korleis arbeid og helse blir kopla saman i ulike modellar. Inkonsekvensen illustrerer at det finst handlingsrom, men at det blir brukt ulikt. I motsetning til dei formelle grepa for FACT, har IPS sitt uformelle handlingsrom vist seg i lokale tilpassingar og omsetjingar. Desse har vore avgjerande for fungerande praksisar både før og etter endringane av dei overordna føringane i 2022.
Når logikkar kolliderer
Når omsyn til juridisk presisjon, stabile tenester gjennom tydeleg sektoransvar og fagleg kvalitet basert på prinsippet om integrerte tenester kolliderer, må ein spørje: Kva skal vektleggjast – og kva skal endrast?
Avvegingar mellom ulike logikkar og omsyn kan gi resultat som ikkje i tilstrekkeleg grad svarer på problemstillinga samfunnet vil løyse: den låge sysselsetjingsgraden for menneske med psykiske lidingar.
Siloorganisering av offentleg forvaltning og tenester skaper vedvarande utfordringar for samhandling. I staden for å bruke IPS som ei moglegheit til å teste ut større grad av sektorintegrasjon gjennom å gjere naudsynte justeringar av lovverk, valde ein i staden å tilpasse modellen til eksisterande rammer.
Behov for heilskapleg oppfølging
Kanskje kan menneske med størst funksjonsutfordringar no få heilskapleg oppfølging som inkluderer arbeid innanfor rammene av FACT. Kontaktflata IPS-jobbspesialistar i Nav har med helsetenestene kan samstundes vere tilstrekkeleg for å følgje opp dei med mindre alvorlege lidingar.
Éi utfordring er i så fall å vere tilbake til å innrette tiltaka etter kva vi trur fungerer, framfor å vektleggje kva forskingsfunn indikerer gir best resultat på lengre sikt.
Det er difor grunn til å spørje om norske myndigheiter har gått glipp av eit unikt høve til å teste ut sektorintegrasjon i praksis – og kva det kan ha kosta.
Dersom målet er at IPS reelt skal vere ein integrert del av behandlinga, er det aktuelt å revurdere om dagens sektorgrensesnitt og definisjonar av helsehjelp hindrar dette.
Ellers risikerer vi at IPS mister det som gjer modellen effektiv – og at vi står igjen med ein bil utan motor.
Referansar
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet. (2016). Arbeid og helse – et tettere samvirke (IS-2535). Helsedirektoratet.
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet. (2019). Tilstand og utfordringer på arbeid—Helseområdet (IS-2811). Helsedirektoratet.
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet. (2021). Strategi for fagfeltet arbeid og helse. (IS-3023). Helsedirektoratet.
Bakkeli, V. & Breit, E. (2022). From “what works” to “making it work”: A practice perspective on evidence-based standardization in frontline service organizations (onlinelibrary.wiley.com). Social Policy & Administration, 56(1), 87–102.
Drake, R. E. & Bond, G. R. (2023). Individual placement and support: History, current status, and future directions. PCN Reports: Psychiatry and Clinical Neurosciences (onlinelibrary.wiley.com), 2(3), 1–17.
Fyhn, T., Øygarden, O., Monstad, K. & Skagseth, M. (2021). Evaluering av samarbeidet mellom NAV og helsetjenesten om Individuell jobbstøtte (IPS) (hdl.handle.net). NORCE Helse.
Helsedirektoratet. (2022, 27. april). Samarbeid mellom helse- og omsorgstjenesten og NAV om individuell jobbstøtte—IPS - rettslig grunnlag for tverrsektorielt samarbeid.
Holmås, T. H., Monstad, K. & Reme, S. E. (2021). Regular employment for people with mental illness – An evaluation of the individual placement and support programme (sciencedirect.com). Soc Sci Med, 270, 113691–113691.
Melve, A. (2025). Individuell jobbstøtte i Noreg: Avklart eller utfordra? (scup.com) Tidsskrift for velferdsforskning, 28(2), 1–15.
Moe, C., Brinchmann, B., Borg, M., McDaid, D., Rinaldi, M., Killackey, E. & Mykletun, A. (2023). Implementing individual placement and support in Norway. From vocational rehabilitation to an employment scheme (onlinelibrary.wiley.com). Social Policy & Administration, 57(5), 610–625.
Moe, C., Brinchmann, B., Kolstad, U., Steen, K., McDaid, D., Killackey, E., Rinaldi, M., Borg, M. & Mykletun, A. (2025). A qualitative study of the IPS employment specialist role in the context of Nav employment in Norway (link.springer.com). BMC Psychiatry, 25(1), 529.
Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (Napha). (2024). FACT-håndboka. Etablerings- og driftshåndbok for FACT-team (napha.no).
Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (Napha) (2025, 1. oktober). ACT- og FACT-team (napha.no).
OECD (2013). Mental Health and Work: Norway. Organisation for Economic Co-operation and Development (oecd.org).
Proba samfunnsanalyse. (2024). Status for individuell jobbstøtte (IPS) i Norge (proba.no). Utarbeidet for Helsedirektoratet. (Proba-rapport nr. 2024-09).
Reme, S. E., Monstad, K., Fyhn, T., Øverland, S., Ludvigsen, K., Sveinsdottir, V., Løvvik, C. & Lie, S. A. (2016). Effektevaluering av Individuell jobbstøtte (IPS): Sluttrapport (nva.sikt.no). Uni Research Rokkansenteret.
Mer om KAI
-
Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)
Kompetansesenter for arbeidsinkludering er et samarbeid mellom OsloMet - storbyuniversitetet og Nav. Formålet med KAI er å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innen områder som er viktige for arbeidsinkludering.