Korleis har kristendemokratisk tenking forma Europa?

Statsminister Kjell Magne Bondevik på veg til talarstolen i Stortinget.

Tysdag 21. november var det duka for panelsamtale på Senter for profesjonsforsking i samband med utgivinga av boka Kristendemokrati (universitetsforlaget.no), med stipendiat Eilev Hegstad som redaktør.

Hegstad har master i statsvitskap og politisk teori, og tek no doktorgrad ved Senter for profesjonsforsking om etisk ekspertise.

I arbeidet med boka har han valt ut og fått omsett tekstar frå 17 kristendemokratiske tenkjarar – frå den franske filosofen Jacques Maritain til tyske Angela Merkel – og forfatta ei lengre innleiing om kristendemokratisk tankegods.

portrettbilde av redaktør og stipendiat Eilev Hegstad.

Redaktør og stipendiat, Eilev Hegstad. Foto: Sonja Balci/OsloMet

Boka er den tredje i ein serie om politiske ideologiar gitt ut på Universitetsforlaget med støtte frå tankesmia Civita. Dei to første er Liberalisme med Lars Fredrik Svendsen som redaktør, og Konservatisme redigert av Torbjørn Røe Isaksen og Henrik Syse.

Syse, som er filosof og professor ved Fredsforskningsinstituttet (PRIO), var ein av paneldeltakarane under lanseringa tysdag. I panelet sat også statsvitar og universitetslektor ved Gøteborgs universitet Henrik Friberg-Fernros, i tillegg til Hegstad sjølv.

Kva er kristendemokrati?

– Kristendemokrati er ein spesifikk måte å tenkja politikk på, som utelukkar kristensosialisme og kristenpopulisme. Denne retninga inneber ein kritikk av individualisme på den eine sida, og kollektivisme på den andre, fortel Hegstad.

Kristendemokrati er ein spesifikk måte å tenkja politikk på – Redaktør Eilev Hegstad

Han held fram:

– Det handlar om nokre sentrale idear og prinsipp, som solidaritet. Solidaritet er eit felles omgrep for kristendemokratar og sosialdemokratar, men dei legg litt ulike ting i det. Og menneskesynet er sentralt – at alle menneske har uendeleg verdi.

Syse følgjer opp tråden:

– Me lever i ei tid der den historiske horisonten er ganske kort. Kva betyr det at mennesket har verdigheit? At det er ukrenkjeleg? At det har ibuande verdigheit? Desse ideane kjem frå ein stad. Noko kjem frå jødisk tradisjon, frå Islam, eller frå andre livssyn. Men veldig mange av desse ideane kjem frå eit kristent tankegods, hevdar Syse.

I eit mangfaldig samfunn som vårt er det viktig med ein grunnmur som gjer at me trekkjer i same retning, meiner han. Og han trur draghjelpa kan komma nettopp frå eit kristendemokratisk grunnsyn:

– Derfor er desse ideane relevante også i dag.

Vanskelege spørsmål

Også Friberg-Fernros trur det er ei framtid for kristendemokrati som politisk ideologi.

– Mange kristendemokratiske parti i Europa kjempar med dårleg oppslutning. Både i Nederland og Belgia strevar dei med å hevda seg. Spørsmål som abort, likekjønna ekteskap og aktiv dødshjelp er vanskelege for alle kristendemokratiske parti, og på nokre måtar er dei i utakt med tida, erkjenner Friberg-Fernros.

På den andre sida står kristendemokratiske parti også for mange oppfatningar som blir oppfatta som «sunn fornuft», meiner han. Derfor ser Friberg-Fernros for seg at tradisjonen desse partia kviler på, står støtt nok til at det er grunn til optimisme på deira vegner:

– Eg trur kristendemokratiske parti kan vera relevante også seinare på 2000-talet.

Kristendemokratisk tenking handlar om kva verdiar me skal basera oss på – Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik

Ein tredje veg i politikken

Fleire av tilhøyrarane i salen delte oppfatningane til panelet. Ein av desse er Kjell Magne Bondevik, tidlegare statsminister for Kristeleg Folkeparti, som i 1994 gav ut boka "Det tredje alternativet – kristendemokratisk politikk på norsk".

portrettbilde av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik, foran Stortinget

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik Foto: Carl Martin Nordby/NTB

Tanken bak denne boka var at kristendemokrati nettopp skal representera ein tredje veg i politikken, forklarer Bondevik, og utdjupar:

– I politikken definerer ein seg ofte ut frå om ein er sosialistisk eller konservativ – det er vekt på anten kollektivet eller individet. Kristendemokratisk tenking handlar ikkje om den skalaen, men om kva verdiar me skal basera oss på.

Derfor er det bra det no har komme ei norsk bok om kristendemokrati, seier Bondevik, og legg til:

– På mange måtar er denne boka eitt nybrotsarbeid.

Syse legg til:

– Dette er tankegods som tilhøyrer alle menneske – ikkje berre kristne. Kristendemokratisk tradisjon er ein tradisjon som kan minna folk om at me alle har eit ansvar.

Relatert

Sju menn og to kvinner i et panel med IPCC-logo i bakgrunnen
Ekspertens verdier – bør de få plass?

Hvor går skillet mellom naturvitenskapsfolks rolle som forskere og deres rolle som eksperter i politikkutforming?

Gutt på vei ut av stemmeavlukke etter å ha avlagt stemme i skolevalg.
Hvordan få unge til å delta mer i demokratiet?

Skoleelever lærer mye fakta om demokratiet, men det er ikke avgjørende for at unge deltar i demokratiet.

Bob Dylan holder konsert.
Hva kan vi lære av Bob Dylan?

Bok beskriver Bob Dylans «ti bud».

Publisert: 01.12.2023 | Anniken Fleisje