NIBR-forskarane Aadne Aasland, Oleksandra Deineko, Marthe Hånda Myhre og Jørn Holm-Hansen smilende etter prisutdelinga med blomsterbukett, prisplankett og heva glas i eit rom med menneske.

Ukraina-forsking på NIBR får pris!

OsloMets Formidlingspris går i år til Ukraina-forskinga på NIBR.

Krigen i Ukraina er ein av vår tids store samfunnsutfordringar. NIBR har forska på, i og med Ukraina og ukrainarar sidan 2008, og har brei kompetanse på mellom anna politiske reformer, folkegrupper, språk og identitet både på lokalt og nasjonalt nivå.

– Ukraina-forskinga ved NIBR er eit skikkeleg lagarbeid. Her har tallause forskarar bidrege i over 15 år. Når Russland gjekk til fullskala krig i februar 2022 vart det eit akutt behov for den kunnskapen mange NIBR-forskarar har opparbeidd seg, seier Geir Heierstad, instituttdirektør på NIBR.

Forskings- og innovasjonsdagen 2023 ved OsloMet feirar dei dyktige forskarane til universitetet og deira bidrag til samfunnet gjennom formidling, forsking, utvikling og innovasjon.

Formidling er sjølve bidraget til ei kunnskapsbasert gjenoppbygging av Ukraina. – Oleksandra Deineko

Formidlingsprisen går i år einstemmig til Ukraina-forskinga på NIBR. Prisen er på 150 000 kr og «skal i sin heilskap brukast til tiltak som kan bidra til å styrkja profileringa og formidlingsverksemda til miljøet i samsvar med prisvinnars ønske».

– Eg vart veldig glad då eg høyrde vi skulla få formidlingsprisen, og set stor pris på at det arbeidet vi har gjort med å formidla kunnskap om Ukraina blir lagt merke til og verdsett, seier Aadne Aasland, ein av NIBRs fremste Ukraina-ekspertar.

Meir enn berre formidling

Oleksandra Deineko er sosiolog og ukrainsk flyktning, og forskar ved NIBR. Ho set stor pris på at ulike samfunnsaktørar etterspør kunnskap om Ukraina. For henne handlar formidling om langt meir enn å senda ut informasjon.

– Formidling er sjølve bidraget til ei kunnskapsbasert gjenoppbygging av landet, og ei solidaritetserklæring retta mot ukrainarar som forset å bu i Ukraina medan krigen rasar, seier ho.

Krevjande, men meiningsfullt

NIBR har gjennom mange år bygd opp eit sterkt miljø på Ukraina-forsking, med mange forskarar som har vore og er engasjert i forsking på utviklinga i landet.

Med mange forskarar som har ei tett kopling til ukrainske kollegaer har dette også vore kjenslemessig utfordrande. – Geir Heierstad

Det siste året har det også vore eit stort behov for kunnskap om det store talet ukrainske flyktningar som har komme til Noreg og andre europeiske land som følgje av krigen.

– Her er NIBR i ein unik posisjon fordi vi både har forskarar som kjenner landet dei flyktar frå godt, men også forskarar som har arbeidd mykje med migrasjon og integrering meir overordna. No har vi fleire prosjekt der vi studerer integreringa til ukrainarane i Noreg og andre nordiske land, seier Aasland.

Forskingsprosjekt som kan nemnast her er:

– Med mange forskarar som har ei tett kopling til ukrainske kollegaer har dette også vore kjenslemessig utfordrande, seier instituttdirektør Heierstad.

Det er Aasland samd i.

– Det har vore ein ekstra travel og også krevjande tid, med krigen som eit dystert bakteppe. Men eg trur vi alle har kjent det som meiningsfullt å bidra til kunnskapsspreiing om eit land mange visste lite om før februar i fjor, seier Aasland.

Deineko påpeikar at for utanom eit enormt behov for mat, klede, generatorar og andre nødvendige materielle ting, er det noko meir som også er avgjerande for den tida Ukraina står i no.

– Ikkje minst har vi ukrainarar behov for å forstå at vi ikkje står åleine i denne vanskelege tida for heimlandet vårt, seier ho.

Unik moglegheit til å formidla

NIBR har også tre norske forskarar som snakkar ukrainsk, i tillegg til russisk, og med avlagd eksamen i ukrainsk frå Universitetet i Oslo våren 2023.

Eg trur vi alle har kjent det som meiningsfullt å bidra til kunnskapsspreiing om eit land mange visste lite om før februar i fjor. – Aadne Aasland

– Dette gir eit unikt høve til å forstå og formidla erfaringar frå ukrainarar, og dessutan nyheiter frå ukrainske medium og ukrainske styresmakter, seier Kristian Tronstad, forskingssjef på NIBR.

NIBR har det siste halvtanna året formidla forsking om Ukraina, og om forhold i både Ukraina og Russland, som bidreg til ei opplysning for norske styresmakter.

– Norad og Nansen-programma deira inviterte seg nyleg til NIBR for å høyra om forskinga vår i Ukraina. Og forskarane våre blir bedne om å halda faglege innlegg for departement og direktorat, seier Tronstad.

Kunnskapen blir teken i bruk

Og kunnskap om Ukraina og ukrainske flyktningar blir tekne i bruk.

Det har vore givande å jobba med dette når vi ser at kunnskapen blir teken i bruk med éin gong og at han bidreg til å finna betre løysingar. – Vilde Hernes

Vilde Hernes er NIBR-forskar og er prosjektleiar for forskingsprosjekta som tek for seg ukrainske flyktningar i Noreg og andre europeiske land, blant dei prosjektet «Ukrainarar på flukt».

Prosjektet undersøkte mottak, busetjing og integrering av ukrainske flyktningar i Noreg, og kom med tilrådingar som har bidrege til politikkendringar.

Mellom anna førte det til betre og meir samordna informasjon, som resulterte i at det vart laga ei ny nettside med offentleg informasjon for nykomne flyktningar frå Ukraina (nyinorge.no).

– Det har vore givande å jobba med dette når vi ser at kunnskapen blir teken i bruk med éin gong og at han bidreg til å finna betre løysingar, seier Hernes.

NIBR-forskarane på scenen under prisutdelinga medan Aadne Aasland held takketale foran publikum i salen.

Årets vinnarar av OsloMets formidlingspris gjekk til Ukraina-forskinga på NIBR. Foto: Kathrine Gangnes / OsloMet

Mangfaldig formidling

Forutan om dette, har Ukraina-forskarane på NIBR formidla breitt og mangfaldig også for den norske befolkninga.

Eg blir fornøgd når eg merkar at folk får nokon aha-opplevelser av det eg seier. – Jørn Holm-Hansen

På Arendalsveka i 2022 og 2023 hadde NIBR dedikerte sesjonar som handla om ukrainske flyktningstraumar, behandling av ukrainske flyktningar samanlikna med andre flyktningar, og dessutan status for norske samarbeidsrelasjonar med Russland gitt utviklinga i Ukraina og i Barentsregionen (Langvarig krig – langvarige konsekvensar?).

Ukraina-forskarar ved NIBR formidlar også aktivt gjennom:

– Eg blir fornøgd når eg merkar at folk får nokon aha-opplevelser av det eg seier. Det kan vera reine fakta dei ikkje har visst om eller nokre nye perspektiv på ting, seier Jørn Holm-Hansen, ein hyppig brukt NIBR-forskar i media.

Tronstad opplever at det har stor nytteverdi at NIBR-forskarane deltek i samfunnsdebatten gjennom å stilla til intervju og gi kommentarar til media.

– Informasjonen dei gir bidra til å klargjera situasjonen og utviklinga i Ukraina, og også korleis situasjonen påverkar ukrainarar i Noreg (nrk.no), seier Tronstad.

Aktiv i akademiske nettverk

Ukraina-forskarar ved NIBR har også teke leiing og delteke aktivt inn i akademiske nettverk, mellom anna gjennom å ta initiativ til å oppretta og leia Ukrainett. Nettverket består av Ukraina-forskarar i Noreg og ukrainske forskarar her i landet (uni.oslomet.no).

For sjølv om Noreg har vore i forskingsfronten på Russlandsforskning, har det vore relativt få miljø her som har forska i og om Ukraina. Det var derfor eit behov for å samla desse få miljøa i Noreg i eit nettverk, og bidra til formidling av kunnskap om Ukraina til avgjerdstakarar, sivilsamfunnet og offentlegheita.

Responsen har vore overveldande.

– Vi er i dag meir enn 80 medlemmer i nettverket. Mange av medlemmene er ukrainske forskarar som har måtta flykta frå Ukraina som ei følgje av Russlands krig, og som finn eit miljø i Noreg der dei kan bidra med kunnskap om heimlandet sitt, seier Aasland.

Tanken er å samla fleire kloke hovud til å diskutera korleis vi i Norden og Baltikum kan hjelpa Ukraina på best mogleg måte. – Marthe Hånda Myhre

Fleire forskarar frå NIBR deltek også i det Nordisk-baltisk forskarnettverket Hromada som har som formål å setja søkjelyset på korleis vi gjennom forsking kan vera med på å styrkja Ukraina medan krigen rasar, og byggja opp Ukraina igjen når krigen forhåpentleg tek slutt.

30. november arrangerer NIBR ein stor konferanse på OsloMet i regi av nettverket.

Bidra til å styrkja Ukraina

Konferansen er på mange måtar debuten til forskarnettverket som er nytt og under fortløpande utvikling. Dette er første moglegheit for forskarane som deltek i nettverket til å møtast.

Ukrainas framtid påverkar samfunnsendringar i alle europeiske land. Derfor speler investeringa i Ukraina-forskinga ei avgjerande rolle for det norske samfunnet. – Oleksandra Deineko

Marthe Hånda Myhre er NIBR-forskar med særleg interesse for ukrainsk samfunn og kultur. Ho sit i ei av arbeidsgruppene i det Nordisk-baltiske forskarnettverket og er med på å arrangera Ukraina-konferansen ved OsloMet.

– Tanken er å samla fleire kloke hovud til å diskutera korleis vi i Norden og Baltikum kan hjelpa Ukraina på best mogleg måte. Vi løftar også fram viktige tema som integreringsdilemma for både dei ukrainske flyktningane sjølv og vertslanda i Norden og Baltikum, og krigsbrotsverk i Ukraina, seier ho.

Vidare forsking

Handå Myhre synest det er fint å oppleva at forskinga NIBR no gjer på integreringa av ukrainske flyktningar i Noreg er direkte til nytte for nokon, til dømes gjennom at ho og kollegaene presenterer forskinga for statlege og kommunale aktørar som jobbar opp mot ukrainarane.

Ho håpar at NIBR vil lykkast i å få forskingsmidlar til å halda fram med å retta søkjelyset mot viktige aspekt ved samfunnsutviklinga og samfunnsutfordringane i Ukraina framover, og dermed bidra til at andre også får meir kunnskap om tematikken.

Deineko understrekar også betydninga av vidare forsking på, med og i Ukraina og ukrainarar.

– Ukraina si framtid påverkar samfunnsendringar i alle europeiske land. Derfor speler investeringa i Ukraina-forskinga ei avgjerande rolle for det norske samfunnet. Den hjelper å ha fingeren på pulsen og handtera dei aktuelle samfunnsutfordringane i Ukraina.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Åpen Ukraina-konferanse på OsloMet

Velkommen til konferansen Styrke Ukraina: Dele kunnskap for en bærekraftig fremtid.

– Ukrainerne er mer sammensveiset enn noen gang

Det har vært en storstilt samling i bånn i det ukrainske samfunnet siden starten av krigen med Russland, viser NIBR-forsker Oleksandra Deinekos analyser.

To jenter sitter sammen ved et bord og tegner blant annet ukrainske flagg på t-skjorter.
Undersøker ukraineres nye liv i Norge: - Utfordringene blir formidable fremover

Hvordan er egentlig ukraineres framtidsutsikter? Forskere ved NIBR på OsloMet er tildelt et stort nytt prosjekt for å følge ukrainske flyktninger i Norge.

Mor og barn går en usikker fremtid i møte inne på en terminal, de har kun med en koffert med ukrainsk flagg og et par små ryggsekker
Publisert: 21.11.2023 | Kristin Horn Talgø