Ei gruppe menneske står i ruinane av fleire hus i Gaza.

Nytt EU-prosjekt skal styrke utdanning og motstandskraft i Palestina og Ukraina

Forskingsprosjektet FORWARD skal gi studentar i Palestina og Ukraina praktiske verktøy for å styrke lokalsamfunna sin motstandskraft i møte med krig. Kunnskapen skal komme både deira eigne samfunn og andre krigsramma område til gode.

Det europeiske prosjektet Urban motstandskraft gjennom open vitskap, utdanning og samfunnsengasjement i krigsområde (FORWARD) får rundt 740 000 euro i støtte frå EU-programmet Erasmus+ for å styrke urban motstandskraft i Ukraina og Palestina.

Urban motstandskraft handlar om korleis byar og lokalsamfunn – frå enkeltpersonar til institusjonar og system – kan stå imot, tilpasse seg og fortsette å utvikle seg når dei står overfor kriser som krig og naturkatastrofar, samtidig som dei handterer utfordringar som energimangel, mangel på vatn, matsikkerheit og bustadbehov.

Kollaps av høgare utdanning

FORWARD involverer universitet i Gaza, på Vestbreidda og i Ukraina, og skal bidra til å bygge opp att utdanningssystema som er ramma av krig og øydelegging.

– Både Ukraina og Palestina har opplevd øydelagt infrastruktur og kollaps i høgare utdanning, seier prosjektleiar Rawia Awadallah ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsvitskap.

Awadallah er sjølv frå Gaza og tilsett ved OsloMet gjennom Scholars at Risk-programmet, som vernar trua akademikarar og fremmar akademisk fridom.

Oppretthalde kvardagsliv

Prosjektet bygger vidare på eit emne ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), der norske og palestinske studentar har samarbeidd om urban motstandskraft i krigsområde. 

FORWARD skal lage eit nettbasert opplæringsprogram for studentar, forskarar og fagpersonar innan blant anna byplanlegging, krisehandtering, ingeniørfag, landbruk og IT ved både universitet og sivilsamfunnsorganisasjonar i Palestina og Ukraina.

– Målet er å styrke evna lokalsamfunna har til å handtere kriser, bygge samfunnet for framtida og oppretthalde ei form for kvardagsliv, seier Awadallah.

Støtte til utdanningsinstitusjonar krise

– Dette prosjektet er eit handslag til høgare utdanningsinstitusjonar prega av krig og okkupasjon, og gjev oss sjølve auka kunnskap om institusjonsberedskap i ei tid der dette også er påtrengande for oss, seier Oddgeir Osland, dekan ved Fakultet for samfunnsvitskap.

– Det er òg til inspirasjon for oss som arbeider for at norske universitet og styresmakter skal ta større ansvar for å støtte studentar, kollegaer og sivilbefolkninga i Palestina. 

Skal lære av folks eigne løysingar

Gjennom feltarbeid skal studentane jobbe tett med lokalsamfunna og samle inn data blant anna om korleis familiar finn vatn, dyrkar grønsaker og organiserer kvardagen under ekstremt krevjande forhold. 

– Målet er å lære av folks eigne løysingar og gi studentane praktiske ferdigheiter som gjer at dei kan bidra til å utvikle nye strategiar.

Trygg datahandtering i krig

Prosjektet skal lage seks opplæringsmodular og 40 praktiske caseoppgåver, basert på behova i Palestina og Ukraina, med tema som vassforvaltning, berekraftig energi, bustad og nødbusetting, matsikkerheit og likestilling.

Ein modul handlar om open vitskap og skal styrke kompetansen til studentane i heile forskingsdatasyklusen – frå innsamling til gjenbruk.

– Dette er særleg viktig i krigssituasjonar, der datainnsamling kan vere sensitivt og i verste fall livstruande, seier Awadallah.

Målet er at data om urban motstandskraft skal følgje FAIR-prinsippa og vere gjenfinnbare, tilgjengelege, samhandlande og gjenbrukbare – samt pålitelege og innsamla på etisk vis. 

– Pålitelege data er avgjerande for raske avgjerder og effektiv innsats i kriser.
Modulen bygger på verktøy frå UNESCO, utvikla for krisehandtering og kunnskapsdeling.

Studentar som samfunnsbyggarar

Den praktiske tilnærminga til undervisninga gjer at studentane ikkje berre får teoretisk kunnskap, men også kan bidra aktivt i lokalsamfunnet.

– Krig og uro ein del av kvardagen til desse studentane. Ved å kople studiane til konkrete utfordringar dei opplever i sine liv, håpar vi dei vil oppleve at dei gjer noko meiningsfullt – for seg sjølve, familiane sine og samfunnet rundt, seier Awadallah.

Ho trur erfaringane frå Palestina og Ukraina vil gi verdifull innsikt som òg kan komme andre krigsramma regionar til gode.

Partnarar

EU-partnarar i prosjektet er OsloMet, NMBU, Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) og Polyteknisk universitet i Milano. 

I tillegg til Institutt for arkiv,- bibliotek- og informasjonsvitskap deltar  Universitetsbiblioteket og OsloMetX frå OsloMet.

Frå Palestina deltar An-Najah nasjonale universitet, Det islamske universitetet i Gaza, vassverket for kystkommunane (CMWU) og plattforma for urban og peri-urbant jordbruk i Gaza (GUPAP).

Frå Ukraina deltar Karazin nasjonale universitet i Kharkiv, Kyiv nasjonale økonomiske universitet og Lviv polytekniske nasjonale universitet.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Utdanning som motstandskamp i Gaza

Midt i den forferdelege krigen i Gaza har unge palestinarar risikert livet for å logge seg på nett og skaffe seg ei utdanning. For mange gir krigen i seg sjølv motivasjon til å lære.

Det ødelagte Islamske universitetet i Gaza.
Publisert: 11.11.2025 | Kristine Welde Tranås | Fotograf toppbilde: Mohammed Brahim / Unsplash