Utdanning som motstandskamp i Gaza

Det ødelagte Islamske universitetet i Gaza.

–  Dei har eit sterkt ønske om å overleve og bygge ei framtid både for seg sjølv og Palestina, seier førsteamanuensis Rawia Awadallah ved Institutt for arkiv- bibliotek- og informasjonsvitskal. Ho er sjølv er frå Gaza og har jobba ved Det islamske universitetet i Gaza. No er ho tilsett ved OsloMet gjennom Scholars at Risk-programmet, som skal verne truga akademikarar og fremje akademisk fridom. 

Utdanningssystem under angrep

Utdanningssystemet i Gaza har lenge vore svekt på grunn av den israelske blokaden som starta i 2007.

– Men etter oktober 2023 har situasjonen utvikla seg til det vi kallar «scholasticide», seier Awadallah.

Omgrepet inneber ei systematisk øydelegging av utdanningssystemet, med angrep på skolar, universitet, lærarar og studentar. Menneskerettsekspertar i FN deler oppfatninga om at det er det som skjer i Gaza (news.un.org). 

«Scholasticide» inneber ikkje berre fysiske øydeleggingar, men også utsletting av kunnskap, kultur og akademisk minne.

Utdanning under krig

Ifølgje ein FN-rapport frå i sommar (un.org), har israelske styrkar øydelagt over 90 prosent av skolebygningane i Gaza. Målretta øydelegging av høgare utdanningsinstitusjonar har ramma rundt 87 000 studentar.

Meir enn 57 universitetsbygningar skal ha blitt skadd, og i mars i år var det rapportert at over 190 universitetstilsette var drepne, seier rapporten.

Awadallah viser til den sterke kontrasten mellom situasjonen i Gaza og FNs berekraftsmål om utdanning for alle.

– Det finst ikkje retningslinjer for korleis dette målet skal kunne oppfyllast under krig. Korleis skal folk klare å lære og studere under slike forhold?  

Motivasjon midt i krigen

Trass i situasjonen er det mange i Gaza som likevel vel å studere. Nokon har fortset studiane sine gjennom tilrettelegging både frå universitet i Gaza og på Vestbreidda. Andre oppsøker nye arenaer for læring.

– Vi ville finne ut kva som motiverer dei til utdanning under ein krig der dei lever i konstant livsfare, seier Awadallah.

Nettstudium retta mot yrkeslivet

Prosjektet er eit samarbeid med andre palestinske forskarar i Finland og Skottland og ein kollega frå Tunisia. Dei har analysert svara frå over 500 palestinske studentar og akademikarar som har deltatt i utdanningsinitiativet «Free Datacamp, Edx and Coursera memberships to Palestinian Students and Academics», som gir gratis tilgang til ei mengde nettkurs innan ulike fagdisiplinar (napier.ac.uk).

Det er ikkje ein del av det offisielle utdanningssystemet i Palestina, men ekstrakurs som er meir retta mot yrkeslivet og skal hjelpe folk med å utvikle ferdigheiter som kan gi dei fleire jobbmoglegheiter seinare.

I sommer var det over 13400 som hadde søkt om å få delta. 

Livsfarleg læring

Men dei store øydeleggingane i Gaza gjer det vanskeleg å få tilgang til straum og internett. Det gjer nettstudium svært utfordrande.

– Dei få opne stadene med straum og internett som finst, har kunna bli bomba når som helst, seier Awadallah.

Studentane må dessutan betale for å få tilgang til desse digitale knutepunkta. Det finst heller ikkje bilar eller kollektivtransport, så dei må ofte gå i fleire timar for å komme dit. 

Likevel fortset mange å ta nettkurs.

– – Svekka av svolt og tynga av uvissa om kva framtida vil bringe, og medan dei førebur seg på å måtte flykte, fortsett mange likevel å ta nettkurs. Det fortel oss kor sterkt ønsket om utdanning er.

Nærbilde av Rawia Awadallah foran en str bokhylle med mange bøker.

Sju former for motivasjon

Forskarane fann desse ulike typane motivasjon blant deltakarane i studien. 

  • Karriererelatert: Ønske om å forbetre jobbmoglegheiter og ferdigheiter.
  • Krigsrelatert: Læring som motstand, håp og framtidsbygging.
  • Trusbasert: Læring som ei religiøs plikt og meiningsfull bruk av tid.
  • Akademisk: Få kursbevis og halde seg fagleg oppdaterte for å bestå eksamenar og 
    fullføre universitetsutdanning.
  • Personleg: Sjølvutvikling, nysgjerrigheit og sjølvrealisering.
  • Sosial: Ønske om å hjelpe samfunnet, familien og vere rollemodell.
  • Affektiv: Kjenslemessige drivarar som håp, frykt for å miste ferdigheiter og skuldkjensle om ein ikkje nyttar seg av moglegheita.

Indre drivkraft

For å undersøke motivasjonen til studentane, gav forskarane deltakarane eit spørjeskjema med faste svaralternativ, basert på sjølvbestemmingsteorien om menneskeleg motivasjon (selfdetdeterminationtheory.org). I tillegg var det opne spørsmål der deltakarane kunne skrive fritt om kva som motiverte dei.

– Resultata viser at det ikkje er ytre press, men ei indre drivkraft og eit personleg ønske om å lære, utvikle seg og bidra som driv desse studentane, seier Awadallah.

Forskarane har funnet sju ulike former for motivasjon.

– Fem av desse kjenner vi frå tidlegare forsking, men to er nye og svært framståande i funna våre, seier Awadallah

Motstand og protest

Ei av dei nye motivasjonsformene handlar direkte om krigen. Mange ser læring som ein måte å protestere på – som ein del av motstandskamp mot krigen og okkupasjonen. 

– Dei vil vere mentalt sterke og bidra til å bygge opp landet etter krigen. For dei er utdanning ein måte å overleve og slåst på og vise at dei ikkje gir opp, seier Awadallah.

Å studere gir ei kjensle av kontroll og meining midt i kaoset, forklarer ho.

– Bombene kan falle når som helst, men desse studentane seier: «Vi er her framleis.»

Trua som drivkraft

Den andre nye motivasjonstypen forskarane fann, handlar om religion. 

– Trua er viktig for mange palestinarar. Dei trur Gud vil halde dei ansvarlege for korleis dei bruker livet sitt og at innsatsen deira vil bli påskjønna, forklarer Awadallah.

Ho seier trua er avgjerande for mange under krig fordi ho gir håp og meining.

– Koranen seier at vi er på jorda for å bygge henne, og mange studentar ser det som si plikt mot Gud – også under krig – å bidra til det gjennom utdanning.

Ikkje alle har moglegheita

Awadallah meiner det er viktig å ikkje romantisere studentane som held fram med studiane under krigen.

– Det kan fortrenge alvoret. Vi vil vise kva dei faktisk må ofre for å få tilgang til grunnleggjande rettar og kor viktig det er å få ein endeleg slutt på krigen. 

Og sjølv om mange er motiverte, er det langt frå alle som har høve til å studere.

– Fattigdom, ansvar for familie og mangel på ressursar gjer det vanskeleg for mange å prioritere utdanning.

I tillegg blir jenter ofte nedprioriterte når ressursane er knappe, og kulturelle normer gjer det vanskeleg for kvinner å bevege seg fritt og trygt til stader med straum og internett.

Hald håpet levande

Awadallah meiner det oppstår eit urettferdig skilje mellom dei som kan ta utdanning og slik finne meining og håp i tilværet, og dei som blir ståande igjen utan moglegheiter.

– Å nekte folk utdanning, er å ta frå dei håpet. 

Skal vi oppfylle FNs mål om utdanning for alle, må vi sikre at barn og unge får lære – også i krig, påpeker ho.

– Gaza er ikkje eit unntak, men ein spegel som viser kor sårbare dei globale forpliktinga våre er.
Ho vil ha ambisiøs forsking, større prosjekt og internasjonalt samarbeid.

– Vi må utvikle utdanningsmodellar som toler krig – som inkluderer alle og held håpet levande. Først då viser vi at vi meiner alvor med løftet om utdanning for alle.

Kjelde

Tahani Aldahdouh, Khalid Dader, Alaa Aldahdouh, Rawia Awadallah og Imed Romdhani (2025). ‘Waiting for a Better Time Is a Waste of Time’: Motivations of Learning Amid the Genocide in Gaza in Light of Sustainable Development Goal 4. I Hassoun, A. (red.) War on Gaza. Sustainable Development Goals Series. Springer, Cham (link.springer.com).

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Inngangspartiet til Deichman på Majorstua. Foto: Deichman.
Er biblioteka like mykje til for SIAN som for andre?

Professor Håkon Larsen har undersøkt kontroversielle arrangement ved offentlege bibliotek og kva desse har hatt å seie for rolla til biblioteka.

Radiograf eller radiolog ser på røntgenbilder.
KI på norske sykehus: – Det kommer til å bli annerledes enn vi tror

Men forsker mener vi er nødt til å ta i bruk kunstig intelligens for å finne ut av hva gevinstene kan være.

Maleriet Kvitebjørn kong Valemon av Theodor Kittelsen.
Kunstsamlere i Norge: – Det er status at verkene stilles ut på offentlige museer

Det stilles ut mye privateid kunst på norske museer. Forsker har undersøkt hva som motiverer samlerne til å dele kunsten med allmenheten.

Publisert: 29.10.2025
Sist oppdatert: 29.10.2025
Tekst: Kristine Welde Tranås
Foto: Topp-bilde av Det islamske universitetet i Gaza: Shutterstock editorial / NTB