Er biblioteka like mykje til for SIAN som for andre?

Inngangspartiet til Deichman på Majorstua. Foto: Deichman.

Folkebiblioteklova fekk i 2014 eit tillegg som har skapt nye utfordringar for offentlege bibliotek. 

– Det som er nytt i lov om folkebibliotek frå 2014, og det som skaper desse utfordringane for bibliotekleiarane, er at det vart innført eit nytt ledd i formålsparagrafen i lova som heiter «Folkebiblioteka skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt», fortel Håkon Larsen. 

Larsen er professor ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsvitskap og forskar på bibliotekverksemd i Noreg. 

Biblioteka kan stoppe arrangement i lokala sine av desse grunnane

  • av omsyn til tryggleiken til dei tilsette og besøkjande
  • at debatten som skal haldast ikkje presenterer motstemmer eller har ein nøytral moderator. Alternativt kan det argumenterast for at det bør haldast eit anna arrangement som presenterer eit alternativt syn seinare

SIAN fekk nei til å låne Kristiansand folkebiblioteks lokale

– Den første kontroversielle saka som skapte slik hovudbry for offentlege bibliotek var då SIAN ville låne Kristiansand folkebiblioteks lokale, fortel Larsen.

Biblioteket sa først nei til at SIAN – Stopp islamiseringen av Norge skulle få halde arrangementet «Islam – ein trussel?» i lokala til biblioteket. Dette førte til ein treårig konflikt før Sivilombodsmannen bad biblioteket vurdere søknaden om å låne lokala på nytt.

Dermed fekk SIAN lov til å halde møtet mot at dei hadde ein uavhengig møteleiar og ikkje sette fram hatefulle ytringar.

– Det opphavlege avslaget til biblioteket gjekk ut på at arrangementet ikkje samsvarte med verdiane til kommunen og biblioteket, seier Larsen.

Sjå fleire kontroversielle saker som har påverka rolla til biblioteka lengre ned i saka.

Fleire kontroversielle saker har endra praksisen

– Etter at Sivilombodsmannen vurderte saka i Kristiansand har fleire bibliotek lent seg på denne uttalen når dei har vurdert liknande søknader om å låne lokala til biblioteka, seier Larsen. 

Dei offentlege biblioteka følgjer folkebiblioteklova, der biblioteka skal fremje ytringsfridom og debatt, men fleire ønsker tydelegare retningslinjer for korleis dei skal gjere dette i praksis. 

– Sivilombodsmannen konkluderte i tilfellet med Kristiansand folkebibliotek og SIAN at avslaget på bakgrunn av at det ikkje samsvarte med verdiane til kommunen og biblioteket, ikkje var gyldig, seier Larsen.

Biblioteka har redaksjonell fridom til å bestemme kva som skal stå på programmet til biblioteket, og dei som sit i kommunestyret kan ikkje instruere kven som skal få tilgang og kva som skal skje i biblioteka – Håkon Larsen
Portrettbilde av Håkon Larsen.

Må ha balanse i debattane

I saka med Kristiansand folkebibliotek og SIAN påpeika også Sivilombodsmannen at debattar burde vere balanserte i synspunkt. 

– Biblioteka kan dermed krevje at det finst motstemmer og ein nøytral moderator, forklarer Larsen. 

Dette er argument andre bibliotekleiarar seinare har lent seg på når det kjem søknader om å låne lokala til debattar. 

Utvekslar erfaring mellom biblioteka

Larsen understrekar at det blir utveksla erfaringar mellom bibliotekleiarar og tilsette på ulike bibliotek. Dermed blir ein slags uformell verktøykasse utvikla for å handtere vanskelege situasjonar. 

– Men det er nok meir utfordrande for mindre bibliotek, som ikkje har den same erfaringa og der det er færre tilsette, seier Larsen. 

Avgjerda om å avlyse eller godta kontroversielle arrangement blir dermed litt vanskelegare å ta. 

Tryggleiken er eit gyldig argument for å avlyse

Politikarar frå Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Sosialistisk Venstreparti i Oslo har etter fleire kontroversielle saker komme fram til at tryggleiken til tilsette og besøkjande på dei offentlege biblioteka er gyldig grunn til å avlyse arrangement. 

– Arrangementet med ytre høgre-forlag Legatum på Deichmann i Oslo vart avlyst av tryggingsomsyn. I tillegg argumenterte biblioteksjefen for at den vanlege drifta av biblioteket ville bli hindra dersom dei skulle gjennomført arrangementet, seier Larsen. 

Tryggleiken til tilsette og besøkjande vart brukt i samband med at antirasistiske grupper hadde meldt om demonstrasjonar i samband med arrangementet. 

– Anine Kjerulf åtvara mot å bruke dette argumentet for å avlyse denne typen arrangement ettersom dette gav demonstrantar vetorett mot arrangement dei ikkje likte, seier Larsen. 

Legatum-saka blir teken med i arbeidet med Deichmanplakaten

– Deichman har ein redaktørplakat vi kallar Deichmanplakaten. Denne er no under revisjon og erfaringane frå blant anna Legatum-saka blir teken med i arbeidet med denne. Den viktigaste erfaringa frå denne og tidlegare saker er at vi må byggje beredskap internt i organisasjonen med omsyn til at alle tilsette kjenner lovverket som regulerer folkebibliotekverksemda i Noreg, seier etatsdirektør i Deichman, Knut Skansen. 

Han meiner biblioteket må skape ei betre forståing for at stemmer og organisasjonar dei fleste vil rekne som vanskelege og i ein ytterkant har lik rett til å bruke biblioteket som alle andre, men at det er nokre vilkår for bruken som må vere oppfylt, som for alle andre.

– Eg har også lært at vi må snakke meir om tryggleik for lånarar og tilsette, seier Skansen. 

Skilje mellom opne og private arrangement

– Alle lovlege organisasjonar i Noreg kan låne eller leige møterom for arrangementa sine, men det går eit klart skilje mellom eit arrangement i regi av andre og opne arrangement i regi av Deichman eller Deichman og samarbeidspartnarar, seier Skansen. 

Ved opne arrangement har Deichman redaktøransvar og ønskjer å leggje til rette for ein offentleg samtale og debatt med eit balansert panel og deltakarar. Når det er lukka arrangement i regi av andre er dette ofte i mindre rom med lukka dører. 

– Vi er også opptekne av korleis møte som fell utanfor redaktøransvaret blir marknadsførte. Det må komme fram klart at dette ikkje er eit Deichman-arrangement, seier Skansen. 

I nokre tilfelle kontaktar dei også politiet for å få ei tryggingsvurdering. Tryggleiken til besøkjande og tilsette er noko av det første som blir vurdert. 

– Dersom eit arrangement gjer det umogleg å halde oppe annan drift og andre lånarar ikkje kan vere på biblioteket utan også å vere med på arrangementet så er det problematisk, seier Skansen. 

Kan politikarane bestemme kva biblioteka skal gjere? 

– I formålsparagrafen til biblioteka står det at dei skal vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt, seier Håkon Larsen. 

Dermed er dei også uavhengige av politikarar og styresmakter. 

– Dei har redaksjonell fridom til å bestemme kva som skal stå på programmet til biblioteket, og dei som sit i kommunestyret kan ikkje instruere kven som skal få tilgang og kva som skal skje i biblioteka, seier Larsen. 

Fleire kontroversielle saker har påverka rolla til biblioteka 

SIAN og Kristiansand folkebibliotek (2013-2015)

Då Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) først søkte om å få bruke lokala til biblioteket til eit debattmøte sa biblioteket nei. Etter ein tre år lang konflikt mellom SIAN og biblioteket bad Sivilombodsmannen om ei ny vurdering av søknaden. Saka enda med at SIAN fekk låne lokala mot at dei hadde ein nøytral moderator til debatten og inviterte inn ei motstemme.  

SIAN og Deichman Majorstuen, Oslo (2020)

SIAN ønskte å bruke Deichmans lokale til eit årleg møte etter opningstidene til biblioteket. Fleire besøkjande klaga og sa dei kjende seg utrygge dersom SIAN skulle få låne biblioteket. Saka vart diskutert i media, av Fagforbundet Deichman og Fagforbundet Oslo.

Biblioteksjefen valde til slutt å avlyse møtet til SIAN av tryggingsomsyn. SIAN klaga inn saka til kommunen, men kommunen avslo klaga og heldt fast at grunnlaget for avlysinga var gyldig. Nokre månader seinare gjekk Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Kristendemokratene, Miljøpartiet Dei Grøne, og Sosialistisk Venstreparti inn for eit regelverk som tillét bibliotek å avlyse slike arrangement av tryggingsomsyn. Desse retningslinjene er ein moderert versjon av eit forslag Raudt tidlegare hadde lagt fram. 

Harry Potter-kveldar (2021)

Etter kontroversane rundt Harry Potter-forfattar J.K. Rowlings utsegner som vart oppfatta av noken som transfobe, vart det debatt i Noreg omkring om bibliotekarar skulle halde fram med å arrangere Harry Potter-kveldar på biblioteka. Bibliotekarar og biblioteksjefar vart intervjua i media om deira syn på saka, og nokon tilsette var bekymra for at desse typane arrangement basert på desse bøkane ville skremme vekk besøkjande.

Kulturministeren og leiaren for Norsk bibliotekforeining meinte begge at bibliotekarar burde kunne skilje mellom forfattar og verk. Debatten heldt fram i nokre veker og arrangementa heldt fram.

Raudt og Ulstein bibliotek (2021)

Raudt ønskte å halde eit ope møte der Mímir Kristjánsson skulle halde foredrag om sosial forskjell i Noreg. Biblioteksjefen sa nei til arrangementet på bakgrunn av at Raudt ikkje hadde invitert inn andre enn partimedlemmer til å snakke, og dermed vart arrangementet for einsidig og ikkje i tråd med folkebiblioteklova. Dette synspunktet vart støtta av andre biblioteksjefar, mens Frank Rossavik i Aftenposten meinte at ein kunne tenkje meiningsmangfald over fleire arrangement, ikkje berre i eitt arrangement av gongen. Ulstein kommune tilbaud Raudt å bruke rådhuset til arrangementet i staden.

Ei gruppe med eldre kristne og Lindesnes offentlege bibliotek (2022)

Kvar fredag pleidde ei gruppe eldre kristne å ha faste møte i kantina til biblioteket etter stengjetid. Biblioteket avlyste desse møta i 2022 på bakgrunn av at slike opne møte med religiøse grupper utan moderasjon frå biblioteket ikkje samsvarte med folkebiblioteklova som seier at biblioteka skal vere “ein nøytral møteplass”.

Biblioteksjefen meinte at slike møte bør vere ein open debatt moderert av ein nøytral part. Dette var i tråd med grunnlaget for avslaget Kristiansand folkebibliotek gav til SIAN i 2013. Høgre og ordføraren bad om eit kompromiss der møtet som vart halde i kantina ikkje lengre skulle vere ope for alle. 

Legatum og Deichman Bjørvika, Oslo (2023)

Forlaget Legatum ønskte å låne eit rom på biblioteket for å halde ei presselansering for ei ny bok av den franske forfattaren Renaud Camus. Forlaget og forfattaren var skulda for å vere høgreekstreme. Camus er mest kjend for boken “Den store utskiftinga” der det blir beskrive eit kvitt folkemord og at den “kvite rasen” er i ferd med å bli erstatta av migrantar. Deichman hadde opphavleg sagt ja til at pressekonferansen vart halden i lokala deira. Pressekonferansen skulle skje i eit lukka rom.

Biblioteksjefen uttalte at han ikkje kunne avlyse berre fordi ein var ueinig i bodskapen. Han valde likevel å avlyse arrangementet då det vart kunngjort demonstrasjonar som følgje av arrangementet. Avlysinga vart grunngitt med tryggleiken til besøkjande og tilsette, og dessutan at det ville forstyrre annan aktivitet på biblioteket.   

Les meir eller kontakt forskaren

Laster inn ...

Relatert forskning

Rød buss på landevei i Norge.
Hvem skal kjøre skolebussen?

Hvem skal sørge for at det finnes folk til å kjøre skolebarn i Distrikts-Norge i fremtiden? Vi kan være på vei inn i en bussjåførkrise, ifølge ny rapport.

Elever i et klasserom rekker opp hånda. Læreren står i bakgrunnen foran tavla.
– I KRLE-faget møter elevane heilt andre måtar å tenkje på

Må undervisninga i religionar og livssyn halde det religiøse på ein armlengds avstand? Nei, meiner professor ved lærarutdanninga Øystein Brekke.

Oversiktsbilde av Bergen sentrum.
Derfor er det motstand mot lov om minstelønn i Norge

Med stort flertall vedtok Europaparlamentet et minstelønnsdirektiv i EU i 2022. Hvorfor har vi ikke en generell lov om dette i Norge?

Publisert: 11.09.2023
Sist oppdatert: 11.09.2023
Tekst: Pål Arne Kvalnes | Kamilla Brandal
Foto: Erik Thallaug