English version

Vil gjere det lettare for alle å bruke datateknologi

Bilete av Anne Batzeri med laptop-skjerm som viser kalulatoren. I bakgrunnen er det ei kvit tavle.

Masterstudent i universell utforming av IKT, Anna Batzeri, arbeider med eit prosjekt om sunn mat og næringsverdiar.

– Eg lagar ein kalkulator som hjelper folk i matindustrien å rekne ut næringsverdiane i nye produkt som skal lanserast på marknaden, fortel ho.

– Kalkulatoren gjer det lettare å sjå om dei følgjer alle retningslinjene, og om maten er sunn nok.

– Viss Tine ønskjer å lansere ein ny yoghurt, til dømes, må dei følgje reglar for næringsverdiar.

Framtidsmat

Næringsklynga «Fremtidsmat» har utvikla rettleiing for ernæring i samarbeid med OsloMet og Nofima.

Dette er basert på dei norske kosthaldsråda, nøkkelholsmerket, og retningslinjene frå «European Food Safety Authority» (EFSA).

Prosjektet har som mål å designe og utvikle ei nettside ved å bruke ei brukarsentrert designtilnærming.

Nettsida vil bli brukt til å rekne ut næringsinnhald i tråd med dei offisielle kosthaldsråda i Noreg og med kriteria for EFSAs helse-/ernæringsråd.

Alt kan knytast til universell utforming

– Korleis er dette knytt til universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), som du spesialiserer deg på?

– Eg har lært at alt kan knytast til universell utforming.

– Prosjektet tek ikkje sikte på å hjelpe menneske med funksjonshemmingar, til dømes kognitive funksjonshemmingar eller redusert syn.

– Universell utforming tyder at systemet skal vere utforma slik at alle som arbeider i bedrifta, anten dei har ei funksjonshemming eller treng hjelpemiddel, kan bruke det.

Anna viser oss ein prototype på ein nettstad, som framleis er under utvikling. Ho tok over arbeidet frå ein annan student som hadde arbeidd med det i seks månader.

Nyttig i matindustrien

– For augneblinken fokuserer vi på nettkalkulatoren.

– Lovverket og retningslinjene matindustrien må følgje når dei lagar nye produkt er litt kompliserte, og det tek tid å finne ut kva dei handlar om og korleis dei fungerer.

– Og nettsida med kalkulatoren gjer det enklare viss du ikkje har nokon kunnskap om lovverket.

– Med kalkulatoren kan du raskt finne ut om produktet overheld retningslinjene og lovverket, eller ikkje. Du treng ikkje å kunne spesielle detaljar ut over det.

Bilete av Anna Batzeri ved infosenteret i første etasje Pilestredet 35. Det er trepanel i bakgrunnen, og grøne planter.

– På LinkedIn og andre plattformer der arbeidsgivarar legg ut ledige stillingar, ser eg oftare og oftare at dei nemner universell utforming. Folk har universell utforming i tankane, seier Anna Batzeri. Foto: Foto: Olav-Johan Øye

Førebur meg til arbeidslivet

– Kva synest du er mest interessant i dette prosjektet?

– Eg lærer mykje om ernæring, og ser på kaloriane og sukkerinnhaldet i maten.

– Men det viktigaste er at det førebur meg profesjonelt på korleis det blir når eg er ferdig med mastergrada og byrjar å jobbe med IKT. Eg lærer mykje av denne prosessen.

– Korleis er prosjektet nyttig for utdanninga di?

– Dei fleste emna eg har teke i universell utforming til no har vore teoretiske. Eg har lært om lovverk, hjelpemiddel og anna. No får eg ein sjanse til å setje den teoretiske kunnskapen ut i livet.

Tilbakemeldingar frå kundar er viktige i prosjektet Anna arbeider med.

– Vi følgjer standardprosedyrar, der vi forsikrar kunden om at nettsida er tilgjengeleg, interaktiv, enkel og forståeleg.

Universell utforming av IKT

I eit digitale samfunn i rask vekst er det avgjerande at all elektronisk informasjon og alle elektroniske tenester er tilgjengelege for alle, uavhengig av teknisk utstyr, situasjon og evne.

Ingen bør bli ståande att mens resten av følger med på framstega. Dette er ei stor utfordring for IKT-infrastrukturen og tenestene i samfunnet.

Det krevst kompetente IKT-ekspertar som kan skape universelt utforma brukargrensesnitt som fungerer for alle.

Universell utforming trigga interessa mi då eg såg kor viktig det var. – Anna Batzeri

– Kva fekk deg til å ta ACIT og spesialiseringa i universell utforming?

– Eg tok ei bachelorgrad i informasjons- og kommunikasjonsteknologi i Albania med fokus på programvareutvikling. Eg hadde nokre jobbar etter det som var ganske trivielle, syntest eg, til dømes e-shopping-prosjekt.

– Eg visste at eg var i stand til å yte meir, og så såg eg denne spesialiseringa på OsloMet medan eg budde i Oslo, og universell utforming trigga interessa mi.

– Eg såg annonsar på sosiale medium om universell utforming av IKT. Eg vart nysgjerrig då eg såg kjende menneske snakke om universell utforming, og kva som gjer det viktig.

– Eg tenkte at det ville vere ein god ting å studere, det kunne vere nyttig for andre, og kanskje meg sjølv òg. På eit tidspunkt vil alle møte utfordringar frå ei eller anna form for funksjonshemming, til dømes dårleg syn.

Bilete av Anna Batzeri ved kantina i Pilestredet 35. Ho ber ein laptop, og har ei lys dongerijakke på seg. Trapper i bakgrunnen.

– Universell design handlar om alt rundt IKT, for no betaler nesten alle fakturaene sine, bankar og tingar billettar på nett, seier Anna Batzeri. Foto: Foto: Olav-Johan Øye

Ny kunnskap gjer underverk

– Kven er eigna for å kunne studere universell design av IKT?

– Om du allereie har bakgrunn frå teknologi og jobbar i industrien eller offentleg sektor, kan du til dømes kombinere erfaringa di med å ta ei mastergrad i universell utforming for å få meir kunnskap.

– Viss du allereie har litt erfaring, vil den nye kunnskapen din kunne gjere underverk.

Alle treng universell utforming

– Kva slags fordelar trur du kunnskapar i universell utforming av IKT kan ha?

– Det som er bra med universell utforming er at det ikkje berre handlar om å bry seg og vite korleis ein skal takle ein situasjon som involverer funksjonshemmingar, det handlar òg om alt rundt teknologien, for no betaler nesten alle fakturaene sine i nettbankar og tingar billetar på nett.

– Tenk til dømes ein bank, der tusenvis av brukarar bruker nettbanksystemet. Då må han vere så tilgjengeleg som mogleg.

– Universell design kan spele ei rolle her. Det handlar ikkje berre om å byggje ny teknologi med kunstig intelligens og sensorar, men òg om webutvikling, UX (brukaroppleving), UI (brukargrensesnitt) og andre ting.

Klar til å bli utviklar

– Kva slags jobb kan du få med denne typen utdanning?

– Det kjem an på kva du likar å gjere. Eg vil gjerne jobbe på utviklingssida. Kanskje først som juniorrådgivar.

Optimistisk med tanke på jobb

– Kva slags jobbmoglegheiter gir utdanninga di deg?

– Eg er optimistisk. Eg har registrert meg på LinkedIn og andre plattformer der arbeidsgivarar legg ut ledige stillingar, og eg ser stadig oftare at dei nemner universell utforming. Folk har universell utforming i tankane.

– Marknaden svelt etter folk med denne kunnskapen. Vonleg vil talet ledige stillingar auke.

Hjelpsame lærarar

– Korleis har du hatt utbytte av utdanninga di ved OsloMet så langt, er du nøgd?

– Ja, det er eg. Eg føler meg godt ivareteken.

– Klassa er hyggeleg, og læraren hjelper alltid til om du har spørsmål eller problem.

Mangfaldig IKT-miljø ved OsloMet

– Korleis har det vore å studere ved OsloMet saman med dei andre studentane?

– Det har vore flott. Eg har møtt mange studentar innan universell utforming og andre spesialiseringar.

– Vi har nokre felles emne i masterstudiet for alle spesialiseringar, og eg møtte til dømes folk frå kvanteinformatikk (matematisk modellering). Det var interessant og nytt for meg.

– Spesialiseringane nettskybaserte tenester og operasjonar, robotikk og kybernetikk, og kunstig intelligens (AI) var òg overtydande. Eg tek nokre valfrie emne i kunstig intelligens no.

– Eg føler meg tryggare på meg sjølv og går ut for å finne ei stilling med omfattande ansvar. No kan eg snart søke på eit breiare spekter av jobbar og stillingar.

Lett å passe inn

– Kva synest du er best ved spesialiseringa i universell utforminga av IKT?

– Kanskje atmosfæren og miljøet lærarane og universitetet skaper for studentane, spesielt for dei internasjonale studentane.

Eg syntest det var lett å passe inn, og ikkje bli utelaten. Det er viktig at alt er på engelsk.

– Universell design er ei ganske ny spesialisering, som ikkje er tilgjengeleg ved så mange universitet. Ho er framleis under utvikling, men er godt organisert her.

Berre søk, ikkje ver i tvil

– Har du noko råd til andre som ønsker å ta det same studiet som deg?

– Berre søk, ikkje ver i tvil. Spesielt viss du ikkje er så nøgd med jobben din og du ønskjer å gå tilbake og studere meir. Det var det som skjedde med meg. Alle lærarane vil ta godt vare på deg. Så du treng ikkje vere uroleg, avsluttar Anna Batzeri.

Les fleire studenthistorier

Faisal foran klatreveggen på campus.
– Alle store teknologiselskaper satser på universell utforming av IKT

– Folk prøver å finne praktiske digitale løsninger på komplekse problemer. Derfor satses det på universell utforming av IKT, sier Faisal.

Bilete av Maryam som viser noko på kvantedatamaskinen til professorane Sergiy og Sølve som står på kvar si side av henne. På bordet framfor dei står de ei svart kvantedatamaskin.
Maryam hjelper Ruter å utforske kvanteteknologi

Kollektivselskapet Ruter vil gjerne vere føre i teknologiutviklinga, og tilsette ein nyutdanna masterkandidat for å utforske kvanteteknologi.

De tre teknologistudentene i et spesialklasserom med spesialverktøy og -maskiner.
– Spennende å jobbe i skjæringspunktet mellom helse og teknologi

Et framtidsrettet studium, få studenter og godt samarbeid gjør at masterstudentene Håkon Dahle, Elias Kvamme og Sindre Lilleseth trives veldig godt med spesialisering innen medisinsk teknologi.

Publisert: 20.10.2022 | Olav-Johan Øye