Kjell Rune går frå toppidrett til vernepleie

Portrett av Kjell Rune Sellin

– Eg har alltid hatt eit brennande ønskje om å studere noko innan helse, seier Kjell Rune Sellin.

Med mor og søsken som jobbar i helsevesenet, har det vore naturleg å tenkje at han sjølv også skulle gå i den retninga.

– Eg vurderte barnevernstudiet, det å bli barnevernspedagog har vore noko eg har tenkt på i mange år. Men etter å ha jobba som skuleassistent på Skjetten skole i ein periode, landa eg på bachelorstudiet i vernepleie.

– Det gir veldig varierte jobbmoglegheiter. Eg likte godt å jobbe i skulen, men kan også tenke meg å jobbe i rusomsorga eller i fengsel, fortel Kjell Rune.

Kjell Rune utanfor ein stor glassdør med OsloMet-skilt over.

Kjell Rune syns vernepleiarstudiet har vore interessant så langt, men han ser fram til at studentane kan vere meir saman på campus. Foto: Per Christian Lind

Som vernepleiar kan han bidra til at personar med nedsatt funksjonsevne får moglegheit til utvikling og livsutfolding på lik linje med andre.

Jobbmoglegheitene er blant anna i ulike delar av helse- og omsorgssektoren, samt i skule- og barnehagesektoren.

Fotball i 1. divisjon

Sidan han var 19 år gamal har det imidlertid vore fotballen Kjell Rune har via tida si til. Som toppidrettsutøvar i klubbar som Rosenborg, Aalesund og Fredrikstad har han hatt nok å gjere.

Det var då han fikk kontrakt med 1. divisjonslaget Strømmen i 2019 at han byrja å undersøke moglegheitene for studiar ved OsloMet på Kjeller.

Kjell Rune på fotballbana, kledd i grå og raud fotballdrakt. I bakgrunnen er en spelar i gul drakt, og det sit folk på tribunene.

Kjell Rune har mange år bak seg som fotballspelar. Foto: Pernille Nielsen

Å kombinere fotball og studiar har i følgje Kjell Rune gått veldig bra.

– Universitetet har vore veldig flinke til å tilrettelegge. Med mykje digital undervising har eg kunne fulgt førelesingar sjølv om eg har vore ute på reise med laget, seier han.

Vernepleie – ei breid helseutdanning

Gjennom vernepleiarstudiet vil Kjell Rune få kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar, dei vanlegaste somatiske sjukdommane, psykiske lidingar og konsekvensar av desse.

Utdanninga har stort fokus på likeverd, inkludering og respekt for enkeltmenneske sin integritet.

Studentane får særleg kompetanse innan miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering, helsefremjing og helsehjelp, samt kompetanse om samansatte behov og utviklingshemming.

Portrett av Kjell Rune

Dei gode jobbmoglegheitene som vernepleiarar har, er ein stor bonus. Sidan Kjell Rune er ein såpass vaksen student, ser han fram til å komme på plass også i yrkeslivet.

– Eg syns det virkar som ein interessant og spanande jobb å vere vernepleier.

Fleire menn enn forventa tek vernepleie

31-åringen visste på førehand at mange helseretta studiar er kvinnedominerte, men vart positivt overraska over at det er så stor andel mannlege studentar som studerer vernepleie.

Han gler seg til dei kan vere meir saman på campus, og ikkje berre på videomøte.

– Det har vore mange fine diskusjonar på Zoom. Eg gler meg til å bli kjent med fleire av mine medstudentar, seier Kjell Rune.

Kjell Rune står ute og lenar seg mot et tre samtidig som han held ein mobiltelefon til øyret.

For Kjell Rune var det viktig at vernepleierstudiet gir mange jobbmoglegheiter. Han kan tenke seg å jobbe i skulen, innan rusomsorg eller i fengsel. Foto: Per Christian Lind

Studentliv

Jente ligger i en hengekøye i skogen og leser. Det ligger brune blader på bakken, er lite blader på trærne og hun har sol i ansiktet.
Bli kjent med studentbyen Oslo

I studentbyen Oslo kan du gå på kafé før frokost, sitte på lesesalen om dagen og dingle i en hengekøye i marka om natta. Det er kort vei fra liv og røre i sentrum til stillheten i skogen.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Jente som sitter på biblioteket og leser.
Topp ti på campus

Josefine har studert på OsloMet i snart ett år, og viser dere sine ti favoritter på campus Pilestredet.

Studenter som jobber på iPad
Slik lykkes du som student

Her er OsloMet-forelesernes beste råd for å lykkes med studiene.

Flere hundre studenter sitter på en gressplen med armene til værs.
Dette er OsloMet

Læringsrike praksisperioder i arbeidslivet – og en sosial studietid. Ved OsloMet får du kunnskap og erfaringer for livet!