Lærarutdanningsforsking

Forskingsgruppa utviklar kunnskap om korleis lærarutdanning kan forståast, vidareutviklast og fornyast i samspel mellom campus, praksisfelt og samfunn.

Forskingsgruppa samlar forskarar som er opptatte av kvalitet, læring og utvikling i lærarutdanninga. Gruppa tar utgangspunkt i at lærarutdanning er eit komplekst felt, der undervisning, rettleiing, praksis, organisering og profesjonsutvikling heng tett saman.

I dag går det føre seg mykje relevant forsking på lærarutdanning, men ofte spreidd på ulike prosjekt og miljø. Denne forskingsgruppa ser på lærarutdanning i eit heilskapleg perspektiv. Målet er å bidra med kunnskap som både er forskingsbasert og praksisnær, og som kan brukast til å vidareutvikle lærarutdanningane lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Gruppa legg vekt på samarbeid på tvers av fag, institusjonar og profesjonsutdanningar, og ønsker å vere ein opne og inkluderande møteplass for forskarar, stipendiatar, studentar og praksisfeltet.

Forskingsgruppeleiar

Laster inn ...

Medlemmar

Laster inn ...

Meir om forskingsgruppen

Forskingsgruppa har som ambisjon å bygge eit robust og langsiktig forskingsmiljø for lærarutdanning ved OsloMet. Arbeidet er forankra i nasjonale føringar og OsloMets strategiar, blant anna knytt til universitetsskolesatsinga og utvikling av forskingsinfrastruktur for lærarutdanning.

Gruppa arbeider med både kvantitative og kvalitative forskingsmetodar, inkludert longitudinelle studiar, praksisnær forsking, aksjonsforsking og intervensjonsstudiar. Eit viktig mål er å utvikle lærarutdanninga som ein lærande organisasjon, der det blir lagt til rette for kritisk og systematisk refleksjon, kunnskapsdeling og innovasjon.

Forskingsgruppa har også eit tydeleg internasjonalt perspektiv, med samarbeidspartnarar og forskingsnettverk i blant anna Barcelona og Bern. På sikt er det eit mål å utvikle felles forskingsprosjekt, styrke publiseringsaktiviteten og bidra til engelskspråklege kurs – også på ph.d.-nivå.

Forskingsprosjekt og -områder

Forskingsgruppa er organisert rundt følgjande hovudområde:

1. Utvikling av lærarutdanninga som ein lærande organisasjon

Dette området fokuserer på korleis lærarutdanningar fungerer som institusjonar, og korleis dei kan utviklast gjennom systematisk bruk av data, forsking og refleksjon. Sentrale prosjekt inkluderer Teacher Education Panel Study (TEPS), som bygger opp ein nasjonal forskingsinfrastruktur for lærarutdanning.

2. Pedagogisk rettleiing

Her blir det forska på rettleiing av lærarstudentar, nyutdanna lærarar og kollegaer i skolen, og dessutan rettleiing i lærarutdanninga på campus. Tema inkluderer rettleiing som kommunikasjonsform, profesjonsutvikling, emosjonar, mangfald og bruk av kunstig intelligens i rettleiingsarbeid. Sentrale prosjekt inkluderer PREP – Preparing for the unseen (usn.no), Forskningsråds-prosjekt har som hovudmål å utvide og nyansere dagens kognitive forståing av lærarars praktiske kunnskap mot ei kroppsleg kognitiv tilnærming i lærarutdanning og i rettleiingsfeltet.

3. Å lære ved å undervise (Learning by teaching)

Dette området undersøker studentaktive arbeidsformer i lærarutdanninga, med særleg vekt på hverandreundervisning. Forskinga er knytt til innovasjonsarbeid ved OsloMet og til internasjonale forskingsnettverk.

Andre forskingsprosjekt

Samarbeidspartnarar

  • Universitetsskolar og praksisfeltet
  • Arbeidsforskningsinstituttet (AFI)
  • Lærarutdanningar i Barcelona
  • Nasjonale og internasjonale forskingsnettverk
  • Nasjonalt nettverk i pedagogisk veiledning