– Barn treng eventyr og mytar

Illustrasjonsbilde av voksen kvinne og liten jente som gjemmer seg under en dyne og leser en bok i lyset fra en lommelykt.

– Vi lever i ei tid der mykje handlar om «meg sjølv» og sjølvrealisering. Men vi må hugse at vi også treng erfaringane til fellesskapet, seier førstelektor ved barnehagelærarutdanninga på OsloMet, Torgeir Haugen.

– Munnlege forteljingar ber med seg kunnskap om det som har vore verdifullt for samfunnet. Heilt sidan oldtida har menneske teke vare på erfaringar gjennom forteljingar. Når vi fortel eventyr og mytar, er vi med på å ta vare på denne kunnskapen.

Haugen har hovudfag i nordisk språk og litteratur. I ei årrekke har han vore oppteken av plassen skjønnlitteratur har i profesjonsfaga. Han har mellom anna skrive om såkalla fantastisk litteratur (ifølgje ordboka "litteratur som handlar om noko usannsynleg og uforklarleg"), Ibsen og barndom, og estetiske fag for barn med særlege behov.

Gir rom for det som ikkje er rasjonelt 

Haugen skriv i boka "Overindividuelle kulturformer. Tradisjon og erfaring for barn og unge i individualismens tidsalder" om det «mytiske» som noko som overskrid det analytiske og fragmentariske. Myten og eventyret vektlegg heilskapen og det allmenne. 

Der romanen tek føre seg enkelthendingar og detaljar, ser myten på det universelle og dei evige sanningane, skriv Haugen. Bruken av symbol gir eventyr og mytar ei heilskapleg meining. Haugen meiner at eventyret appellerer til menneskepsyken, då det gir rom for det i psyken som ikkje er rasjonelt.

Han trekkjer fram fem årsaker til at eventyr og mytar er viktige for barn og unge. 

1. Kan hjelpe barn med å handtere verda

Ifølgje barnehagelova skal barnehagen bidra til sosial utjamning. Forteljingar kan vise barn forskjellige rollemodellar og ulike måtar å handtere tilværet på. Her er eventyr gode verktøy, meiner Haugen. 

– Barn som ikkje har rollemodellar, kan streve i sosialt samspel og rolleleik. I eventyr og annan litteratur kan barna få forslag til løysingar på ulike vanskar, og hjelp til å kunne setje ord på kjenslene sine.

2. Lettare å henge med

Haugen har sett på kva rolle folkeeventyra kan spele i oppfølginga av barn som har vanskar med konsentrasjon og læring. Desse barna kan trenge å boltre seg på arenaer der prestasjon ikkje er så sentralt. Då kan eventyr passe betre enn tradisjonelle romanar. 

– Romanen krev ei evne til konsentrasjon som ein del barn med særlege behov ikkje har, seier Haugen.

–  I den munnlege kulturen har ein vore nøydd til å lage historier som er moglege å hugse. Det er lett å henge med på forteljinga fordi strukturen er gjentakande: Først gjer Per det, så gjer Pål det, og til slutt gjer Espen Askeladd noko anna. 

Munnlege forteljingar ber med seg kunnskap om det som har vore verdifullt for samfunnet. Heilt sidan oldtida har menneske teke vare på erfaringar gjennom forteljingar. Når vi fortel eventyr og mytar er vi med på å ta vare på denne kunnskapen. – Torgeir Haugen, førstelektor ved barnehagelærarutdanninga

Han peikar vidare på korleis eventyret er episodisk. Ein går frå scene til scene, og kvar scene inneheld enkle dialogar. 

–  I tillegg bruker eventyr ofte nemningar om hovudpersonane – til dømes «den tapre tinnsoldaten». Då hugsar ein lettare skikkelsen. 

3. Kan forklare abstrakte omgrep

Eventyr kan også hjelpe barn til å forstå omgrep gjennom bruk av motsetningar.

–  Abstrakte omgrep som godt og vondt er vanskelege å forklare, men viss barnet får høyre døme på ei god handling sett opp mot ei vond handling, så vil omgrepa kaste lys over kvarandre. 

4. Rom for å vere annleis

Eventyret byr også på ulike moglegheiter for identifikasjon. Ein kan leve seg inn i rolla som helten, men også som trollet. Det er rom for det som er avvikande, og ofte er den som sigrar i eventyret den som er litt annleis:

– I fabelen om haren og skjelpadda, er det ikkje den raske haren som vinn, men den trauste skjelpadda.

5. Kan hjelpe ungdom med å takle kjenslemessig kaos

Fantastisk litteratur, inkludert «fantasy», har mange fellestrekk med eventyr og mytar. Slik litteratur er populært blant mange unge.  Det er det naturlege årsaker til, meiner Haugen.

– Fantastisk litteratur stiller dei store spørsmåla. I fantastisk litteratur målar ein med breiare pensel enn i den sosialrealistiske tradisjonen. Litteraturen tek deg med på ei reise. Moderne fantastisk litteratur som til dømes Harry Potter inneheld same kampmotiv som du finn i eventyr. Som hovudregel vinn det gode over det vonde, men ikkje utan kamp.

Han trur at denne typen forteljingar kan hjelpe ungdom å handtere dei mange kjenslene og tankane dei går med.

– Det er ofte mykje kaos i hovudet til ein ungdom. Gjennom fantastisk litteratur kan ein oppleve  det som grekarane kalde «katarsis» – reinsing. Du lever deg inn i forteljinga og føler frykt og medynk. Møtet med litteraturen bidreg til at du får ut nokre av spenningane du har i deg, og blir lettare til sinns. 

Eldre litteratur tapar terreng

Men i kva grad lever tradisjonen vidare i barnehagen i dag? Er barnehagane med på å bevare visdommen til fellesskapet?

–  I mange barnehagar har tradisjonane med eventyr levd vidare. Men i nyare tid er det mange studentar ved barnehagelærarutdanninga som ikkje kjenner eventyra, fortel Haugen.

Som årsak peiker han på at eldre litteratur har fått mindre plass i læreplanar i skolen. Dette meiner han er synd. 

– Gjennom litteratur kan du leve deg inn i vanskelege situasjonar utan å vere i reell fare. Du kan få letta på nokre av spenningane du ber på. Moglegheitene for identifikasjon og gjenkjenning – det eg kallar «det psykiske rommet» – blir større viss ein kan bruke litteratur frå heile historia og frå mange kulturar. Viss ein berre les moderne litteratur, blir det psykiske rommet mindre. 

Fem døme på forteljingar som kan engasjere og hjelpe barn og unge

Haugen tilrår desse eventyra og eventyraktige forteljingane: 

  • “Den stygge andungen” av H.C. Andersen
  • “Askeladden og dei gode hjelparane” innsamla av Asbjørnsen og Moe
  • “Lurvehette” innsamla av Asbjørnsen og Moe
  • Forteljinga om David og Goliat frå Samuelsbøkene i Bibelen – eller andre legender og mytar
  • "Georgs magiske medisin" av Roald Dahl

Referanse

Haugen, Torgeir (red.) (2022) Overindividuelle kulturformer. Tradisjon og erfaring for barn og unge i individualismens tidsalder (solumbokvennen.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Illustrasjonsbilde av barnehagelærer som leser bok for tre barn.
Barnebøker kan gi pusterom fra kjønnsrollene

Barnehagene bør tilby mer utfordrende litteratur.

Åse Kristine Tveit holder en bok.
Bildebøker ikke lenger bare for de minste

Det kommer stadig flere bildebøker på markedet rettet et eldre publikum. Snart er bildebøker for voksne «mainstream», tror forsker.

Illustrasjonsbilde av fire elever sittende ved hver sin pult, mens de leser bøker.
– Å lese litteratur krev trening

Pisaundersøkinga 2018 avdekka at norske elevar les mindre både på fritida og på skulen, samanlikna med for ti år sidan.

Bibliotekinteriør, OsloMet Kjeller
Litteratur som krisehjelp

Kan livet ditt forandre seg gjennom å lese skjønnlitteratur?

Publisert: 02.05.22
Sist oppdatert: 11.05.22
Tekst: Siv Tonje S. Håkensen
Foto: Mostphotos