Litteratur som krisehjelp

Bibliotekinteriør, OsloMet Kjeller

– Me kan bli djupt forandra i livet, og mange lesarar fortel at møtet med eit bestemt litterært verk har hatt mykje å seia, seier forskar Thor Magnus Tangerås.

Nyleg disputerte disputerte  han ved OsloMet med avhandlinga «How Literature Changed my Life»: A Hermeneutically Oriented Narrative Inquiry into Transformative Experiences of Reading Imaginative Literature.

Avhandlinga undersøkjer korleis lesing av skjønnlitteratur kan opplevast som livsendrande og forløysande ved ulike livskriser. Tangerås har djupneintervjuet ei rekkje lesarar om korleis litteratur har påverka deira liv og livssituasjon.

– Felles for alle lesarane er at dei er glade i å lesa skjønnlitteratur, elles er val av verk og lesaropplevingane svært ulike.

Bøker som påverka

Litteraturlista spenner vidt blant dei 20 personane Tangerås har intervjua:

  • Inger Hagerup: Episode (dikt)
  • Alexander Pope: Essay on Man (dikt frå 1700-tallet)
  • Marguerite Duras: Elskeren (moderne)
  • Johann Wolfgang von Goethe: Unge Werthers lidelser (romantikken)
  • Mary O’Hara: Min venn flicka (ungdomsbok)
  • Doris Lessing: Shikasta (science fiction)
  • Camilla Collett: Amtmandens døtre (kjærleiksroman med ulykkeleg slutt)
  • James Ellroy: The black Dahlia (krim, drama/thriller)
  • Enid Blyton: The Adventurous Four (barnebøker)

Personlege historier om forandring

Dei seks intervjua han til sist valde ut fortel ulike historier, men lesarane har alle hatt sterke lesaropplevingar som har endra dei.

– Slike opplevingar er ikkje nødvendigvis vilja, men i møtet med litteraturen kan dei oppstå og vekkja noko djupast i oss. I avhandlinga fortolkar eg det som kjem fram og ser på det unike i møta mellom lesar og litteratur, seier Tangerås og gir nokre døme på lesarerfaringar:

– Ein las «Elskeren» av Marguerite Duras og forsona seg med tapet av kjærasten, ein annan las «Lady Chatterleys elsker» av D. H Lawrence og fekk mot til å komma seg ut av eit ulykkeleg ekteskap. Inger Hagerups dikt «Episode», som omhandlar ein ekteskapskonflikt, fekk ein annan lesar til oppleva ein familiekonflikt på ein heilt ny måte.

Eit kjenslemessig møte

– Det er tidlegare skrive mykje om kvifor me skal lesa, medan det å bli kjenslemessig ramma av å lesa ikkje er vigd tilstrekkeleg merksemd. Eg bringar inn affektperspektivet med forskinga mi, seier Thor Magnus Tangerås.

Tangerås har funne fram til ulike kjenslemessige sider ved lesinga av skjønnlitteratur og utvikla eit omgrepsapparat slik at det blir mogleg snakka profesjonelt om lesaropplevinga og korleis ho har påverka livssituasjonen.

Tangerås har sjølv personlege lesarerfaringar frå sin ungdom som har hatt noko å seia for han.

– Bøker som «Beatles» av Lars Saabye Christensen, forfattarar som Søren Kierkegaard og musikarar som Jim Morrison i The Doors. Alle desse tekstane ramma meg og gjorde noko med mi livsoppfatning og interesse for litteratur, fortel han.

Ta lesaren på alvor

– Det handlar om å ta lesaren på alvor, og det har eg gjort gjennom å invitera lesaren til å fortelja om opplevingane sine, seier Tangerås. Han viser til at mange har spurt seg kva det vil seia å ta lesaren på alvor og at viss ein hadde lytta til lesaropplevingar så ville dei gitt mykje nyttig informasjon.

– Med utgangspunkt i litteraturprofessor Rita Felskis spørsmål om kva det vil seia å verkeleg lytta til vanlege lesarars opplevingar har eg konkret gjort nettopp dette gjennom å dybdeintervjue lesarar og transkribera lesaropplevingane deira.

Byggja helse

– Gjennom avhandlinga har det vore eit mål å få ny kunnskap av lesaropplevingane, ikkje berre om ho. Slik kunnskap kan brukast til å opna litteraturhistoria for lesarane og til ulike tiltak for formidling av litteratur, seier Tangerås.

Han fortel at det er aukande interesse for bruk og formidling av litteratur på fleire område, også når det gjeld psykisk helse. Men me må nytta nye metodar.

– Me må ta litteraturen med dit folk er og kvar dei er mottakelege, til dømes til skular, undervisningsstader og institusjonar, og få folk som vanlegvis ikkje ville lest til å sitja saman og lesa ein tekst.

Kan gi spesiell oppleving

– Det å skapa slike direkte møte kan gi ei spesiell oppleving og virke berikande for mange. Å sitja åleine og lesa er i grunnen ei moderne tilnærming, seier han.

– Litteratur er ein annan type relasjon enn andre relasjonar, den krev inga tilbakemelding og lesarsituasjonen har sin eigen veremåte der boka kan bli ein venn. Du les og kan få ei forståing av å kjenna deg forstått – du kan bli treft og ramma.

Djupneintervju

Tangerås har gjennomført 20 intervju som spenner over eit breitt spekter litterære verk. Intervjuobjekta er mellom 20 og 60 år med lesaropplevingar frå tidleg tenår til dei er midt i livet.

Forskaren har stilt dei han intervjua to spørsmål; Har ei spesiell bok endra livet ditt? Og kva verk var det?

Intervjua er deretter transkriberte og analyserte og til slutt har Tangerås valt ut seks intervju.

– Det er ut frå dei som har hatt den sterkaste forteljinga om å oppleva forandring i livet i møtet med litteratur, seier han.

Skjønnlitteratur

– Fellesnemnar for alle dei 20 intervjua er at det handlar om skjønnlitteratur – i vid forstand frå poesi til prosa, gammalt og nytt, realistisk og fantastisk og bøker for ung og gammal.

Ein premiss til grunn for forskinga var at det skulle vera ein bestemd lesars møte med eitt bestemt verk. Ingen av verka går igjen hos nokre av respondentane.

– Det er interessant at litteraturen blant lesarane er så ulik og med så ulik kvalitet. Det kan få noko å seia for kva slags litteratur som skal presenterast på skular og bibliotek.

Seks livskriser

Tangerås meiner det ikkje er mogleg å seia noko om kva som skjer med lesaren utan å sjå på livssituasjon før og etter lesaropplevinga.

Han har identifisert seks livskriser som utgangspunkt for forskingsarbeidet sitt:

  1. Tapserfaring
  2. Konfliktar
  3. Identitetskrise
  4. Vende om – komma ut av ein vanskeleg situasjon
  5. Åndeleg eksistensiell krise – komma til eit punkt kor tidlegare livsoppfatning ikkje gjeld
  6. Tap av vitalitet

Forskaren har laga ein teori om dei ulike livskrisene og korleis litteratur er ein respons på desse krisene og hjelper oss til å finna meining og måtar til å navigera.

– Dei grunnleggjande sjangrane i skjønnlitteraturen er responsar på desse livskrisene fordi dei inneheld kjennelege mønster, seier han.

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 18. september 2018.

Forskningsartikkel av:
OsloMet
Publisert: 19.09.2018
Sist oppdatert: 20.07.2023
Tekst: Anne-Mai W. Teigmo
Foto: John Anthony Hughes / OsloMet

Relatert forsking

Gerd og Siri sittende og smilen de på campusplassen
Lettlestbøker får dyslektikarar til å føle seg dumme

Lettlestbøker skal gjere lesing meir tilgjengeleg for vaksne med lesevanskar, men ny forsking syner at bøkene ikkje alltid treff.

Ungdom som tar selfie
Jo fleire selfies, desto meir kjøper du

Gjennom selfies påverkar ungdom kvarandre til å kjøpa endå meir.

Eldre kvinne som får støtte av ei anna kvinne medan ho går i ein korridor.
Korleis møte eldrebølgja?

OsloMets forskarar kjem med sine beste forslag til kva som bør gjerast for å unngå krise i eldreomsorga.

Ung kvinne smiler mens hun ser på klær.
Unge mest skeptisk til gjenbruk

En ny undersøkelse viser at flere unge folk ikke liker å bruke andres gamle ting.

Kalkulator
Er du ein pensjonsvinnar?

Det norske pensjonssystemet favoriserer ein viss type menneske, meiner forskar.

Sju menn og to kvinner i et panel med IPCC-logo i bakgrunnen
Ekspertens verdier – bør de få plass?

Hvor går skillet mellom naturvitenskapsfolks rolle som forskere og deres rolle som eksperter i politikkutforming?