Er du ein pensjonsvinnar?

Kalkulator

Det er særleg tre faktorar som avgjer om du blir ein vinnar i det norske pensjonssystemet: Har du god helse, grei inntekt og er du i stand til å tenkja som ein økonom.

Det meiner førsteamanuensis ved OsloMet, Åsmund Hermansen, som forskar på dei sosialpolitiske sidene ved pensjonsordningane.

Store pensjonsendringar

Dei siste åra har det skjedd store endringar i pensjonsordningane i Noreg. Heilt frå den store pensjonsreforma i 2011 fram til den nye offentlege tenestepensjonen som vart vedteken no nyleg.

Den nye offentlege tenestepensjonen og AFP blir no lagd på toppen av Folketrygden slik at kvar enkelt no får ei samla pensjonsbehaldning som dei kan byrja å ta ut frå dei er 62 år.

– Den nye tenestepensjonen i offentleg sektor er i større grad enn før ei ordning for folk med god helse og grei inntekt. Denne gruppa har maksimal fridom. Dei kan gå av med pensjon tidleg og leva greitt sidan både inntektene og helsa er god. Eller dei kan velja å stå i lenger i jobb fordi dei ikkje har helseproblem, seier Hermansen.

Dei med dårleg helse og lågare inntekt, derimot, har ikkje så mange val. Viss dei går av tidleg med pensjon et dei av den totale pensjonsbehaldninga si og får mindre i pensjon frå 67 år. Sidan denne gruppa har låg opptening, vil ikkje pensjonen bli særleg god.

På den måten forsterkar det nye pensjonssystemet skilnadene mellom dei med god helse og inntekt og dei med låg inntekt og dårleg helse, meiner pensjonsforskaren.

Portrett Åsmund Hermansen

Forsterkar skilnadene

– Det blir meir fleksibilitet og meir fridom, og kan vera bra for mange, men det krev at du tek rasjonelle økonomiske val, seier han. 

– Me kan seia at pensjonssystemet er eit system laga av økonomar for økonomar. Det er eit bra system viss du sit med Excel-arka dine og bereknar når det er mest gunstig å gå av med pensjon.

Hermansen meiner det handlar om å vera flink å tilpassa seg systemet. Har du ei åtferd som blir premiert av systemet kjem du styrkt ut. Har du ikkje denne åtferda, så blir du straffa.

Han meiner styresmaktene ikkje tek nok høgd for at folk nettopp ikkje tek fornuftige økonomiske val.

Mange styrar økonomien sin etter prinsippet om at éi krone i dag er betre enn fem kroner i morgon, ifølgje Hermansen.

Sper på lønte

I den nye tenestepensjonen for offentleg sektor kan du til dømes kombinera jobb og pensjon.

Hermansen påpeikar at fridommen til å kunna jobba og ta ut pensjon samtidig er ein god tanke, men det kan òg føra til at folk jobbar fullt og tek ut full pensjon samtidig frå dei er 62 år.

– Sjølv om det ikkje er spesielt lurt å jobba fullt og ta ut full pensjon frå du er 62 år, vil nokon velja å gjera det likevel.

– For mange lågtlønte vil jo dette vera ein freistande tanke, men som vil kosta dei dyrt seinare, seier han. Det betyr at pensjonsordninga kan vera ein måte å spe på lønte. Konsekvensen er mindre pensjon på sikt.

– Nokon tenkjer at dei kjem til å døy tidleg, då handlar det om å få ut mest av si totale pensjonsbehaldninga før ein døyr.

Auka forståing for pensjon

Hermansen legg til at sjølve debatten rundt pensjon har vore positiv i den forstand at det har auka forståinga for kva pensjonssystemet er og korleis det verkar.

– Det er positivt. I dag veit fleire meir om pensjon enn dei gjorde tidlegare. Det har fått folk til å skjønna at pensjon i botn og grunn er utsett lønn, seier han.

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no 5. september 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 05.09.2018
Sist oppdatert: 13.07.2023
Tekst: Stig Nøra
Foto: Benjamin A. Ward og Sonja Balci

Relatert forsking

Putekrig
Meiner småbarn har godt av litt lekeslåssing

Det er leik som er bra for barna, sjølv om det kan enda med gråt, meiner forskar.

Høyrehendene til to personer som hilser på hverandre.
Lønner seg å ansette folk som bryr seg om andre

Organisasjoner bør ansatte folk som ikke først og fremst bryr seg om seg selv, men som også er opptatt av andre.

Bygårdsfasader med vinduer og balkonger
Levekårsproblemene hoper seg opp hos innvandrere

Tre ganger så mange innvandrere har økonomiske problemer og dårlige boforhold sammenliknet med befolkningen ellers.

Kvinne på ein sofa med eit krus ho held i begge hendene
Kvinner og menn har ikkje ulike haldningar til sjukefråvær

Forsking viser ingen kjønnsforskjell i haldningar og normer for sjukefråvær.

Hvite klær hengt opp til tørk som flagrer i vinden
Klærne dine påvirker miljøet mer enn du tror

Til tross for store miljøbelastninger i produksjonen er likevel bruken av klær viktig for den totale miljøbelastningen fra klesforbruket.

Beina til ei rekkje menneske som står langs ein husvegg.
Tilrår å styrkja innsatsen for barn og unge på Romsås

Gapet mellom fattig og rik aukar, og område i Grorud bydel i Oslo slit med fråflytting, trangboddhet, dropout, rotløyse og utryggleik.